Farlege forskjellar – Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem.

Thu, 12 Mar, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway | Volda

Aasentunet
Publisher/HostAasentunet
Farlege forskjellar \u2013 Kvifor stor \u00f8konomisk ulikskap er eit samfunnsproblem.
Advertisement
Kva skjer med fellesskapen, samfunnet vårt og demokratiet når dei økonomiske forskjellane i landet aukar? Noreg har aldri hatt så mange milliardærar som no. Samstundes veks køane utanfor matsentralane, og avstanden mellom dei rikaste og vanlege folk blir stadig større. Fleire strevar økonomisk – sjølv med fast jobb og stabil inntekt. Vi set vår lit til velferdsstaten, men enkelte opplever at sikkerheitsnettet ikkje held når det verkeleg trengst.
Trine Østereng og Jens Kihl har begge skrive bøker der dei, både frå eit personleg og samfunnsøkonomisk perspektiv, undersøker korleis endringane i Noreg dei siste tiåra påverkar kvardagen til vanlege folk.
I dette møtet inviterer dei til ein open samtale som kastar lys over eit av vår tids mest brennande spørsmål: Kva skjer med samfunnet når ulikskapen får vekse?
Arrangementet er i samarbeid med SpareBank 1 SMN, og Fredric Holen Bjørdal ønsker velkomen.
Trine Østereng er rådgjevar i Tankesmien Agenda. Ho er utdanna statsvitar og har tidlegare jobba som nestleiar i sekretariatet til stortingsgruppa i SV. Ho har også vore rådgivar for SV i ei rekkje fagkomitéar på Stortinget. Farlege forskjellar. Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem (2025) er hennar første bok. Østereng vart òg publisert med kronikken Blir eg sjuk, blir eg fattig i NRK Ytring hausten 2025, som talar til temaet denne kvelden.
Jens Kihl er målmann, journalist og forfattar. Han har tidlegare skrive bøkene Dette er også Noreg. Kommunal feelgood (2019) og Liv Signe Navarsete. Eg veit kva eg snakkar om! (2022). I boka Blakk (2025) fortel Kihl ope og ærleg om oppveksten med ei mor som ofte var blakk, og korleis han opplevde ulikskapane i Noreg i praksis. I boka ser han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring av barndomen.
Arrangementet er gratis, men du sikrar deg plass ved å reservere billett.
Advertisement

Event Venue

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway, Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norge, Volda, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Volda

\u00c5rsm\u00f8te 2026
Wed, 11 Mar at 07:00 pm Årsmøte 2026

Hasundgot IL

KVISS MED HAAKON - YMSE & TBA  \/\/  TORSDAG 12.MARS  \/\/ ST\u00d8DT BAR & SCENE
Thu, 12 Mar at 06:30 pm KVISS MED HAAKON - YMSE & TBA // TORSDAG 12.MARS // STØDT BAR & SCENE

Ivar Aasen-gata 18, Ørsta

Konsert med \u00c5smund Farstad og folkemusikkstudentar ved Noregs musikkh\u00f8gskule
Fri, 13 Mar at 07:00 pm Konsert med Åsmund Farstad og folkemusikkstudentar ved Noregs musikkhøgskule

Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda, Norway

Sirkus Eliassen \/\/ ROKKEN
Fri, 13 Mar at 08:00 pm Sirkus Eliassen // ROKKEN

Industrigata 12, 6100 Volda, Norway

Tom Soyler Dekker B\u00f8tene - ST\u00d8DT BAR OG SCENE
Fri, 13 Mar at 08:00 pm Tom Soyler Dekker Bøtene - STØDT BAR OG SCENE

Ivar Aasen-gata 18, 6150 Ørsta

P\u00e5skeverkstad i Pinsekyrkja
Sat, 14 Mar at 01:00 pm Påskeverkstad i Pinsekyrkja

Stormyra 3, 6100 Volda, Norway

FAMILIEARRANGEMENT med aktivitetar og konsert
Sat, 14 Mar at 03:00 pm FAMILIEARRANGEMENT med aktivitetar og konsert

Stødt Bar & Scene

UNGDOMSARRANGEMENT med konsert "The Irish Vikings"
Sat, 14 Mar at 06:00 pm UNGDOMSARRANGEMENT med konsert "The Irish Vikings"

Stødt Bar & Scene

Volda is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Volda Events