Advertisement
Velkomen til eit show for heile familien fylt med magi, spenning, humor og magiske teikningar.På scena står Daniel Larsen, ein av Noregs fremste magikarar og barneunderhaldarar gjennom 33 år, og Øistein Blyant, som dei fleste kjenner frå TV – ei verdsstjerne med sine fantastiske teikningar og humoristiske show.
Daniel Larsen blir rekna som ein av Noregs beste barne- og familieunderhaldarar dei siste 33 åra.
I 32 vintrar har Daniel hatt familieshow på dei fleste hotella på Geilo, Gol og Storefjell, og i 11 år har han hatt ansvaret for barneunderhaldninga på Color Line-båtane mellom Sandefjord og Strømstad.
Han har også opptrådd i parkane Hunderfossen, Tusenfryd, Lille Dyrehage og Bjørneparken. Daniel har underhalde for Det kongelege hoff, turnert i Afghanistan der han underhaldt internasjonale fredsstyrkar, vore med på kongefamilien si juletrefest på Slottet – og sist, men ikkje minst, underhalde i bursdagen til rockelegenda Jerry Lee Lewis i Memphis, Tennessee.
Referanselista hans er lang og imponerande, med eitt felles kjenneteikn: SUKSESS!
Med eit snitt på 150–200 show i året er han ein av dei mest produktive magikarane vi har i Noreg, og dette er med andre ord ein godt etablert magikar og illusjonist vi kan vere stolte av.
«Det beste vi har sett! Kontakten med barna var heilt unik.» – Barnepedagogisk forbund
Øistein Kristiansen (1965) er ein verdskjend teiknar, forfattar og TV-artist. TV-seriane “Learn to draw (Øisteins blyant)”, “Box Yourself” og “Right On Top” har blitt store internasjonale suksessar og er sett av over 400 millionar menneske.
Øistein har som mål å få heile verda til å teikne, slik at vi alle kan frigjere kreativiteten vår gjennom teikning. Bak Øistein står medieselskapet Earthtree, som han grunnla i 1993.
Øistein er også ein populær scenekunstnar som har underhalde store folkemengder rundt om i verda. Han har mellom anna underhalde kongefamilien i Brunei og ivrige fans på ei rekkje festivalar og store arrangement i Noreg.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 11. april kl. 14:00.
Varigheit: cirka 80 minuttar.
Billettpris:
Ordinær: kr 300,- (vaksne, barn etc).
Ledsagerbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Den som treng følgje skal kjøpe ordinær billett. Følgjekort/bevis skal visast i døra.)
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











