Erlend Skjetne: Svart skissebok

Mon Mar 23 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway | Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim
Publisher/HostLitteraturhuset i Trondheim
Erlend Skjetne: Svart skissebok
Advertisement
Erlend Skjetne har vorte møtt med strålande kritikkar for Trondheim-romanen Svart skissebok. Den 23.mars gjestar han Litteraturhuset i Trondheim.
Sør i Trondheim ligg Risvollan burettslag. Dei over elleve hundre leilegheitene utgjer det største frittståande burettslaget i Noreg. Her flytter to vaksne saman og gjer Vidar og Malin til stesysken. Svart skissebok er ein raus roman om ei handfull menneske på skuggesida. Navet er historia om Vidar og Malin og deira felles oppvekst. No er Malin forsvunnen, og Vidar treng å finne ho att. Men etter kvart som forteljinga skrid fram, får jakta på Malin ein eim av noko anna enn omsorg. Og vil no Malin eigentleg bli funnen av stebroren sin?
Svart skissebok er ein roman fylt til randa av sterke historier. Men i skildringa av ein dysfunksjonell familie prega av drukkenskap, skrik og spetakkel, finst det òg ein god del humor og varme. Skjetne tek med seg poesien inn i prosaen når han skildrar bydelen, og dei sanselege skildringane gjer sterkt inntrykk. Svart skissebok er ei kjærleikserklæring til drabantbyen og til menneska som bur der.
Vi møter forfattaren i samtale med Irmelin Kjelaas, førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU.
Erlend Skjetne (f. 1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. For diktsamlinga Skare (2019) vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I 2021 vart Skjetne tildelt NTNUs litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend. For Eit anna blikk fekk han Brageprisen i klassen barne- og ungdomsbøker. For same bok vart han òg nominert til Kritikerprisen. Hans førebels siste utgjeving er romanen Svart skissebok (2025).
Sted: Sellanraa
Billettpris: 150/100
Fotokredit: Leikny Havik Skjærseth
Advertisement

Event Venue

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Trondheim

Erlend Skomsvoll trio + S\u00f8lvtr\u00e5
Sun, 22 Mar at 08:00 pm Erlend Skomsvoll trio + Sølvtrå

Dokkparken 4, 7014 Trondheim, Norway

S\u00f8ndagsJazz & Jam \/\/ Rosendal Kaf\u00e9
Sun, 22 Mar at 08:00 pm SøndagsJazz & Jam // Rosendal Kafé

Innherredsveien 73, 7068 Trondheim, Norway

\ud83c\udf89 Grand Opening \u2013 Husdal Sport til Orkanger! \ud83c\udf89
Mon, 23 Mar at 10:00 am 🎉 Grand Opening – Husdal Sport til Orkanger! 🎉

Mælaveien 4, 7300 Orkanger, Norge

Allm\u00f8te for SU Fakultetet
Mon, 23 Mar at 02:15 pm Allmøte for SU Fakultetet

Dragvoll D2

Allm\u00f8te 2026
Mon, 23 Mar at 04:15 pm Allmøte 2026

E. C. Dahls gate 2, Trondheim

Mandagsfilmen: PARADIS \/\/ F\u00f8rpremiere med bes\u00f8k av regiss\u00f8r Maria S\u00f8dahl
Mon, 23 Mar at 06:00 pm Mandagsfilmen: PARADIS // Førpremiere med besøk av regissør Maria Sødahl

Prinsens gate 2, 7012 Trondheim, Norway

\u00d8vemorgen!
Tue, 24 Mar at 08:00 am Øvemorgen!

Kjøpmannsgata 48, Trondheim

Barneminimesse Trondheim
Tue, 24 Mar at 10:00 am Barneminimesse Trondheim

Heimdalshallen selskapslokaler

Allm\u00f8te ved institutt for sosiologi og statsvitenskap
Tue, 24 Mar at 01:15 pm Allmøte ved institutt for sosiologi og statsvitenskap

NTNU Dragvoll, Rom D2

\ud83d\udc23P\u00e5skeverksted i Trondheim\ud83d\udc23
Tue, 24 Mar at 02:00 pm 🐣Påskeverksted i Trondheim🐣

Sirkus Shopping

Invers Bedpress med Gr\u00fcnderbrakka
Tue, 24 Mar at 05:30 pm Invers Bedpress med Gründerbrakka

Digs

Trondheim is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Trondheim Events