Advertisement
Den musikalske juleforteljinga “Eit hjarte til jul”Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk.
Det som sjølvsagt er spennande er om mamma vil få eit hjarte i tide og om det vil kome før jul.
Ein annan ting Nora tenkjer mykje på er om mamma vil vere den same med eit nytt hjarte? Vil mamma vere glad i henne på same måten?
For ho har jo lært av kjærleiken sit i hjartet?
Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen!
Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om det å ikkje gi opp håpet. Tilbakemeldingane har vore at forestillinga var fengslande og spennande, rørande, trist, koseleg og litt julete.
Line Dybedal fortel, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete.
Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar blir viste i stort format som ein del av scenografien.
Gratis inngang.
Arrangør:
Vik folkebibliotek og Vik folkeakademi
Advertisement
Event Venue
Blixhalli, Skulevegen 12, 6893 Vik i Sogn, Skulevegen 12, 6893 Vik i Sogn, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.