Ein sterk hjerne i ein sterk kropp/Unge jenter, helse- kropp, sinn og livsmeistring

Wed, 29 Apr, 2026 at 06:00 pm UTC+02:00

Vinjehuset | Notodden

Folkeakademiet Vinje
Publisher/HostFolkeakademiet Vinje
Ein sterk hjerne i ein sterk kropp\/Unge jenter, helse- kropp, sinn og livsmeistring
Advertisement
Vinje sanitetslag saman med Folkeakademiet Vinje tar tak i eit viktig tema: «Unge jenter og helse-kropp, sinn og livsmeistring» torsdag 29.april på Vinjehuset.
På dagtid vitjar Solfrid Bratland Sanda, som er professor i idrettsvitenskap, ungdomskulen i Åmot der ho møter både gutar og jenter frå 8.-10.klasse. Ho vil ta for seg «Ein sterk hjerne i ein sterk kropp»
På kvelden blir det ope møte om «unge jenter og helse-kropp, sinn og livsmeistring». Her vil Solfrid Bratland deltaka som er utdanna helse og treningsfysiolog med doktorgrad i idrettsvitenskap. Ho har over 20 års erfaring med forsking, undervisning og formidling på fysisk aktivitet gjennom livsløpet. Ho er spesielt opptatt av fysisk aktivitet og psykisk helse. Ho har forska på trening i forebygging og behandling av spiseforstyrrelsar, tvangsprega trening, kroppspress og kropsmissnøye. Ho har mykje erfaring i å samarbeide med praksisfeltet slik at forskningresultata kjem til nytte for relevante brukargrupper.
Me har og med oss helsesjukepleiar, Signe Bråstøyl som har jobba som helsesjukepleiar for ungdom i 21 år, samt gjennomført ulike prosjekt for å betre undervisning og veiledning til dei unge. Ho brenn for å gje ungdom eit best mogeleg tilbod iht. Eiga helse og livsmeistring og gje dei kunnskap i å ta trygge val for deg sjølve.
Ingebjørg K.Vesaas har høg fagleg kompetanse og over 20 år med praksis av det ho formidlar innom Yoga. Ho skaper eit trygt rom for nyskjerrighet og læring. Ho møter deg der du er og inspirerar deg vidare. Ho brenn for å vekkje nyfikenheten din, på kropp, pust og hovud og korleis det heile heng saman. Ho vil informere og vise praktiske øvelsar du kan bruke i kvardagen.
Dette blir ein lærerik og inspirerande kveld der me og legg inn tid til spørsmål og samrøe rundt eit enkelt matbord. Er du ung jente, mor med ungdom eller bestemor med ungdom så har du nytte av denne kvelden.
Du melder deg på via vipps. Det løner seg å vera medlem i Sanitetslaget. Dei forskar på kvinnehelse og tar kvinner sin kropp på alvor.
Advertisement

Event Venue

Vinjehuset, Vinjehuset, Raulandsvegen, 3890 Åmot, Norge, Notodden, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Notodden

Peter Fj\u00e5gesund i boksamtale med Geir Grothen om sin nye roman "\u00d8ynene som ser"
Tue, 28 Apr at 06:00 pm Peter Fjågesund i boksamtale med Geir Grothen om sin nye roman "Øynene som ser"

Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark, Norway

Alle Fugler med Anne Marit Jacobsen
Wed, 29 Apr at 07:00 pm Alle Fugler med Anne Marit Jacobsen

Rjukanhuset, Storstulsgata 1, 3660 Rjukan, Norway

QUIZ \/\/ KROA I B\u00d8
Wed, 29 Apr at 07:00 pm QUIZ // KROA I BØ

Lundevegen 61, 3800 Bø i Telemark, Norway

X-RUSS m. DJ Kinder \/\/ Kroa i B\u00f8
Thu, 30 Apr at 09:00 pm X-RUSS m. DJ Kinder // Kroa i Bø

Lundevegen 61, 3800 Bø i Telemark, Norway

Sleiken \/\/ Problembarn \/\/ DJ Kildal \/\/ Bellman \/\/ 30 april!
Thu, 30 Apr at 10:00 pm Sleiken // Problembarn // DJ Kildal // Bellman // 30 april!

Torvet 2, 3674 Notodden, Norway

B\u00f8ker i B\u00f8 med Simon Stranger og Hilde Lindset.
Sat, 02 May at 11:00 am Bøker i Bø med Simon Stranger og Hilde Lindset.

Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark, Norway

Notodden is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Notodden Events