Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert – med Eirik Søfteland & Chris Lund // Oseana

Sat, 19 Dec, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway | Bergen

Oseana kunst- og kultursenter
Publisher/HostOseana kunst- og kultursenter
Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert \u2013 med Eirik S\u00f8fteland & Chris Lund \/\/ Oseana
Advertisement
Eirik Søfteland og Chris Lund inviterer igjen til julekonsert og musikalske krumspring i Oseana!
Dette er ein konsert fylt med et breittt spekter av julas mange musikalske ansikt, som skal fylle deg med julestemning og få følelsene til å svinge i takt med musikkens fleirfasetterte natur. Her skal du få både grine og le!
Etter braksuksessen med konsertar to år på rad, gler dei to seg til å kunne ønske deg velkommen tilbake i Oseana for å dele musikkens julemagi.
Eirik og Chris er av opptil fleire ansett som to av Vestlandets største stemmer. Dei har begge ein rik musikalsk bakgrunn der sjangrar og musikalske uttrykk er vevde saman og kolliderer i ein eksplosjon av harmoni, trøkk og vakker musikk!
Her blir det noko for mange. Både det sarte, mjuke og og det lystige, levande får plass.
Med seg på scenen i Oseana har dei nokre av Vestlandets beste musikantar: Tore Christer Storlid (gitar), Peter Sæverud (bass), Jens Erik Aasmundseth (trommer), Eyolf Nysæther (tangenter), Andreas Hesselberg Hatzikiriakidis (trompet), Hilde Vasenden og Sigrun Skjælaaen Dahl (kor).
Dette blir ein musikalsk godbit og ein kveld du absolutt ikke vil gå glipp av!
EIRIK SØFTELAND er kjend for dei fleste som ein langhåra rockar som tok Noreg med storm med si stemmeprakt og musikkglede i Idol og Skal Vi Danse i 2013. Seinare har han delteke i eit lass av tv-program som Stjernekamp, Århundrets Stemme, Beat for beat osv., og har verkeleg etablert si allsidigheit og musikalske spennvidde.
CHRIS LUND har jobba som songar i mange år i Bergen, men folk fekk verkeleg auga opp for han då han deltok i The Voice på TV2 våren 2022. Han imponerte både mentorar og publikum med si formidling, stemme og personlegdom. I tillegg har han hatt ulike rollar i musikalar som: Les Miserables, Which Witch, Grease og Jesus Christ Superstar. Det er få vokalistar i Noreg som kan skryte av det vokalspekteret Chris innehar.
---
Varighet: Om lag 1 time og 30 minutt.
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post [email protected]
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Concerts in Bergen

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Once upon a Christmas- en hyllest til Kenny og Dolly 2026
Mon, 21 Dec at 07:00 pm Once upon a Christmas- en hyllest til Kenny og Dolly 2026

Ole Bull Scene

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events