Dylans kvinner / Ein hyllest til Bob Dylan i ord og tonar // Kulturfabrikken

Sat, 25 Jul, 2026 at 08:00 pm UTC+02:00

Kulturfabrikken Kristiansund | Kristiansund

Kulturfabrikken Kristiansund
Publisher/HostKulturfabrikken Kristiansund
Dylans kvinner \/ Ein hyllest til Bob Dylan i ord og tonar \/\/ Kulturfabrikken
Advertisement
Dørene åpner 19:00
Konsert 20:00
Sitteplasser
Velkomen til ein intim og nærverande konsertoppleving med Stranda si eiga Dylan-trio: Tom Raab, Sigurd Drege og Geir Olav Eide Drege.
Denne kvelden tek dei oss med inn i Bob Dylan sitt univers – gjennom songane, historiene og ikkje minst kvinnene som har inspirert han i hundrevis av låtar, både på godt og vondt.
Om artistane
Tom Raab
«Alt som fireåring måtte eg høyre på Dylan gjennom veggen til mine eldre søsken. Bob var det heitaste ein kunne tenkje seg, og eg fekk inn ‘Dylanrørsla’ med morsmelka. Musikken hans har prega meg sidan. Etter ti år med Dylan-tribute-bandet Hurricane, er det ei stor glede – og ei utfordring – å spele desse songane unplugged saman med Sigurd og Geir Olav.»
Sigurd Drege
«Musikkinteressa starta tidleg, og eg hugsar framleis dagen Love Me Do kom ut – eit vendepunkt i livet. Eg starta mitt første band som 15-åring, og har halde fram sidan, både som hobby og nokre år på heiltid. Mi første Dylan-plate var Planet Waves (1974), og saman med The Band gjorde ho sterkt inntrykk.
Geir Olav Eide Drege
Oppvaksen i ein heim der musikk var ein naturleg del av kvardagen, fekk Geir Olav tidleg sansen for musikken. Som tolvåring lærte han sitt første bluesriff av sjølvaste Ole Paus, på besøk i heimen. Seinare vart han gitarist i Hurricane, før han no har funne sin plass på bassgitar i Dylans kvinner.
Bob Dylan – Nobelprisvinnaren i litteratur – er for mange ein krevjande, men unik kunstnar. Låtane hans er sjeldan dei du nynnar på etter første gongen, og tekstane inviterer til både lytting, tolking og analyse. Stemmen, fraseringa og kjensleregisteret hans kan treffast som ein musikalsk vulkan.
Trioen har gått i djupna på nokre av desse songane og gler seg til å dele historia, krafta og vulkanutbrotet med publikum – ei musikalsk reise gjennom nokre av dei mest innflytelsesrike låtane i moderne historie.
Praktisk informasjon
Publikum får utdelt teksthefte ved inngang.
Konserten varer i 2 x 45 minutt, med ein god pause mellom setta.
Advertisement

Event Venue

Kulturfabrikken Kristiansund, fosnagata 35,Kristiansund, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Kristiansund

Odd Nordstoga in Vals\u00f8yfjord
Sat, 25 Jul at 06:00 pm Odd Nordstoga in Valsøyfjord

Valsøya

Bryggedans med SANDERS!
Sat, 25 Jul at 09:00 pm Bryggedans med SANDERS!

Lurvikvegen 73, 6690 Aure, Norway

Hestholmen Retrofestival 2026
Fri, 31 Jul at 04:00 pm Hestholmen Retrofestival 2026

Valsøyvegen 1, 6687 Valsøyfjord, Norway

Vintagehelg
Fri, 07 Aug at 12:00 pm Vintagehelg

Sveggvika

\u00d8ymesterskap 2026!!
Sat, 15 Aug at 10:00 am Øymesterskap 2026!!

Balsnes Gård

Sommerkonsert med BandAkademiet \/\/ Kulturfabrikken
Sat, 15 Aug at 08:00 pm Sommerkonsert med BandAkademiet // Kulturfabrikken

Kulturfabrikken Kristiansund

En dags Pause \/ En hyllest til Jahn Teigen \/\/ Kulturfabrikken
Fri, 21 Aug at 08:00 pm En dags Pause / En hyllest til Jahn Teigen // Kulturfabrikken

Kulturfabrikken Kristiansund

Kristiansund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Kristiansund Events