Advertisement
Lucky Lips debuterte i 2010, og gav ut fyrste albumet sitt i 2012 i forkant av det me i ettertid har kunna kalla ei bylgje av ny norsk americana. Med opphav i Oslo, dukka dei opp på countryfestivalar og bluegrassjams, deltok i Melodi Grand Prix, vann EM i bluegrass og spelte på Americanafest i Nashville! Lucky Lips var bandet der Malin Pettersen starta si musikalske karriere, og etter to plater med Amund Maarud i front, er dei no tilbake som kun Lucky Lips med sitt sjette album, Big City Jungle.
Til oss kjem bandet med eit Hootenanny-konsept der dei i tillegg til å spela eigne låtar òg fungerer som ein «levande jukebox» slik at publikum får vera med og velja låtar, pluss at gjesteartistar gjerne vert inviterte på scena!
Bandet består i dag av Malin Pettersen (gitar/vokal), Erlend Skullestad Hølland (bass), Even Reinsfelt Krogh (banjo), Pål Emil Storm-Berg (trommer) og Stian Jørgen Sveen (gitar/pedal steel).
(Foto: Julia Marie Naglestad)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Gamlekinoen, Tinghusplassen, Uttrågt.9, 5700 Voss, Uttrågata 7, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets