Advertisement
«Pass deg!» «Ver forsiktig!» «Ikkje gå der, det er glatt!»Desse utsegnene er velkjende og uttrykt i beste meining, men kva gjer dette med borna og barndommen - i eit livsmestringsperspektiv?
I samband med Friluftslivets år ynskjer me å inspirere til frileik ute i naturen. Me har difor invitert pedagog og foredragshaldar Ive Tandberg (også kjend som "friluftsloffing" på sosiale medier).
Ive er ambassadør for Friluftslivets år 2025, og kjem til Voss for å halda foredrag i Kultursalen torsdag 25. september frå kl. 19 til kl. 21.
Om foredraget:
Det aukande presset på HMS og akademisering i ein digital kvardag fråtek den oppveksande generasjonen moglegheiter for risikoleik. Eit viktig univers der dei byggjer motstandskraft og sjølvregulering.
Oppdag korleis du kan gje slepp på den rigide vaksenkontrollen, og lær om korleis fare og frykt kan hjelpa ungar på vegen til å meistra livet og bli meir robuste.
Prisar:
DNT medlem: Kr 110
Ikkje -medlem: Kr 330
NB!
Kjøper du billett til nokon andre til medlemspris må dei oppgje medlemsnummer i døra.
Kjøp billett til foredraget her:
https://aktiviteter.dnt.no/register/risikolekveientillivsmestringforedragmedivetandbergfriluftsloffing_24042025013636#/
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Voss kulturhus, Evangervegen 6,Voss, Norway
Tickets