Advertisement
Dette er ein crazy-komedie laga av gjengen bak Europavisjonar, om eit av dei store paradoksa i fredsnasjonen Noreg. Her blir det revysongar, slapstick og rakettmissil. I tillegg til eksplosiv og treffsikker humor!Medan krigane rasar ute i verda, har det jo vore eit ganske ellevilt år i våpenbransjen. “Det har vore eit fantastisk år” er ein komedie om våpen, intrigar og kjærleik. Om kva vi tener pengar på, kva vi skammar oss over, kva vi er stolte av – og ikkje minst om det herlege, yrande livet på ein arbeidsplass der verdas uro lurer i bakgrunnen.
Utgangspunktet for denne fiksjonen, er den faktiske årsrapporten til Kongsberg Gruppen, som blei lagt fram 26. mars i år.
ANDRE MEDVERKANDE I tillegg til dei som er på lista opp i skodespelaroversynet, vil også Oda Radoor, Simen Formo Hay og Herman Enkerud vere med på scenen.
Produktene våre kan ha utilsiktede negative konsekvenser for samfunn og sivile.
Kongsberg Gruppen, Årsrapport 2025; Committed to Perform
Program
Vi ønskjer velkommen til konferanse! Første punkt på dagsorden er gjennomgang av årsmeldinga. Etter dette blir det moglegheit for forfriskingar og årets høgdepunkt – sommarfesten!
Advertisement
Event Venue
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











