Advertisement
Bli med på ein kveld fylt av danseglede, levande folkemusikk og godt fellesskap. Her er terskelen låg, stemninga høg, og det er plass til både erfarne dansarar og deg som berre har lyst til å hive deg med.I samband med landsmøtet i Noregs Ungdomslag inviterer me til stor dansefest på Thon Hotel Opera. Her ligg alt til rette for ein kveld med musikk, rørsle og godt lag, når Flatlusa spelemannslag frå Ås spelar opp til dans.
Med trygg og inspirerande danseleiing frå Marianne Dahl, Tone Ingvaldsen og Torbjørn Bergwitz Lauen blir det ein herleg miks av bygdedans, runddans, turdans og songdans. Det blir moko for både erfarne dansarar og deg som berre har lyst til å bli med.
## I år prøver me noko nytt! ##
Me prøver eit nytt og meir inkluderande dansekonsept der fridans og fellesdans blir vevd saman gjennom heile kvelden, i staden for faste bolkar for kvar danseform. Målet er å skape ei fest der fleire kan kjenne seg heime på golvet, uansett erfaring og bakgrunn.
Her står fellesskap, deltaking og rein danseglede i sentrum.
Konseptet blei først prøvd ut i Trondheim i 2024 med stor suksess. No gler me oss til å ta den gode stemninga med til Oslo, og håpar du vil vere med på festen!
Festen begynnar ca. 21:00 og tek slutt ca. 00:00.
Alle er velkomne!
Advertisement
Event Venue
Thon Hotel Opera, Dronning Eufemias gate 4, 0191 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











