Bygdefest med Leikanger mannskor!

Sat, 06 Dec, 2025 at 07:00 pm

Røysavegen 1, 6863 Leikanger, Norway | Førde

Leikanger Ungdomslag
Publisher/HostLeikanger Ungdomslag
Bygdefest med Leikanger mannskor!
Advertisement
Leikanger ungdomslag inviterer til bygdefest på ungdomshuset med underhaldning frå Leikanger mannskor laurdag 6. desember. Det skal markerast 100-årsjubileum både for koret og Leikvang med tilbakeblikk, mimring, underhaldning og dans. Legg ein til at me har skjenkeløyve seier det seg sjølv at dette vert kos frå a til å!
Program:
19.00 Dørene og baren opnar
19.30 Velkomen v/Leikanger ungdomslag
19.40 Helsing og historisk tilbakeblikk v/Systrond sogelag
20.00 Underhaldning v/Leikanger mannskor

Leikanger ungdomshus, Leikvang, er 100 år i år, og vi håper du vil vere med oss å feire. Leikanger mannskor er sjølvsagt med når vi skal markere 100-åringen vår, for vi har lang felles historie. Leikanger mannskor vart også etablert i 1925, og hadde sin første konsert då ungdomshuset vart innvigd same hausten. Leikvang er også den plassen der det vi i dag kjenner som palmerevyen oppstod. Vi gler oss til ein kjekk kveld med feiring og mimring - bli med du og!
Utover kvelden vert det dansbar musikk frå alle dei 100 åra og open bar. Det vert sal av alkoholholdig drikke, og difor er det 18 års aldersgrense på arrangementet. Det vert også sal av anna drikke og snacks.
Billettar kjøper du her: https://leikanger-ungdomslag.hoopla.no/event/1853448254
Heile overskotet frå arrangementet går til drift og vedlikehald av ungdomshuset.
Advertisement

Event Venue

Røysavegen 1, 6863 Leikanger, Norway, Røysavegen 1, 6863 Leikanger, Norge, Førde, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Concerts in FørdeSports in Førde

Ask AI if this event suits you: