Advertisement
Breimskoret er på bana igjen med ny cabaret. Denne gong med tittelen «40, frisk og freidig». Tru det eller ei, men koret har altså blitt 40 år og dette lyt sjølvsagt markerast med ein flonkande ny cabaret smekkfull av låtar frå 80-talet, det tiåret då Breimskoret «kom til verda». Inn i mellom kor og solistnummer vert det ein kikk bak kulissane denne gongen. Kva går eigentleg føre seg når ein skal planlegge og gjennomføre eit jubileum? Greier ein å gjennomføre planane og er kormedlemmane i det heile teke i stand til all logistikk og detaljplanlegging som krevst?
Vi får eit unikt innblikk i kva utfordringar godt gammaldags dugnadsarbeid kan by på, og korleis deligering av arbeidsoppgåver ikkje alltid løner seg. Men kormedlemmane ror det heile i land på improvisert vis, trass i nokre forviklingar på vegen. Litt historikk og mimring blir det også plass til, så ikkje nøl med å skaffe deg billettar. Vi sjåast i kultursalen i april!
Advertisement
Event Venue
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








