Advertisement
Velkomen til lansering av boka Tolv dagar i april! 🐑Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.
Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?
*
Dørene opnar kl. 19:00, og programmet startar kl. 19:45. Det blir først samtale med Maria Lavik, etterfølgt av sal og signering av bok og risoprint ✍🏻
*
Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første sakprosabok.
Advertisement
Event Venue
Kuro Oslo, Rathkes gate 9,Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











