Advertisement
𝐀̊ 𝐬𝐞𝐭𝐣𝐚 𝐨𝐫𝐝 𝐩𝐚̊ 𝐝𝐞𝐭 𝐬𝐨𝐦 𝐥𝐞𝐯𝐞𝐫 𝐢 𝐨𝐬𝐬- Kva skjer når fag møter levd liv?
- Når diagnose møter dikt?
- Når to stemmer vågar å undersøkja det som lever i oss?
Velkomen til ein jordnær og open samtalekveld på Breheimsenteret i Jostedalen.
Anette og Camilla – to forfattarar som skriv frå levd liv, i ulike sjangrar – møtest til ein open dialog. Dei intervjuar kvarandre om identitet, skam, styrke og det å møta seg sjølv og andre som folk – også når ikkje alt i livet går på skinner.
Kvelden inneheld:
– Samtale i dialog
– Høgtlesing av dikt og tekstar
– Musikalske innslag
– Spørsmål og refleksjonar frå salen
Det blir høve til å kjøpe signerte bøker frå begge forfattarane, og kaféen held ope med drikke og noko å bita i.
Gratis inngang.
Du er velkomen uansett – men om du vil melda deg på, hjelper det oss å vita om lag kor mange som kjem.
Påmelding ved å sende navnet ditt til Camilla eller legg det inn her: https://forms.gle/M3BJCUQcQULr4du17
Me håpar du vil koma og dela ein kveld med ord, musikk og menneskemøte.
Velkomen 🤍
Advertisement
Event Venue
Breheimsenteret, Brevegen 8,Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







