Advertisement
Black Hauge - sleppefest i kulturbaren SkifteVelkommen til sleppefest av albumet "Black Hauge" til bandet med samme namn. “Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk.
Felles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio er leiken og uredd omgang med tradisjonen.
Mens trioen tar i bruk element frå folkemusikken, og for eksempel bruker arkivopptak av stev og lokkar i musikken sin, forheld forfattaren seg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjar, hyllester og omskrivingar. Den på same tid ærbødige og uærbødige dialogen med tidlegare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i dette samarbeidsprosjektet, som tar
utgangspunkt i Olav H. Hauges dikting.
Det burde være interessant i seg sjølv når ein av dei leiande unge forfatterane i landet samarbeider med ein av dei mest nyskapende og kreative konstellasjonane frå musikklivet. Men når dei går saman om å forme om og sette den kanskje viktigaste norske lyrikaren i ein ny samanheng, skjer det noko heilt særeige.
Fokuset på det lydlege og rytmiske ved poesien til Hauge, og dessutan ein nærstudie av dei lydlege kvalitetane i sjølve røysta hans, opnar for nye tolkingar av Hauges dikt. Slik framstår poesien i nyvaska drakt.
Det oppstår ein radikal måte å tørke støv av ein gammal klassikar på når Hauges røyst blir behandla gjennom sampling, effektar, gjentakingar, forvridingar og klippeteknikkar. Det gir ringverknadar inn i låtstrukturane, der poesien sin eigenart blir forløyst og videreutvikla i musikken. For eksempel blir mikromelodiar i Hauges eigne innlesing utgangspunktet for nyskrivne låtar.
Black Hauge er:
Erlend O. Nødtvedt
Erlend Apneseth
Stephan Meidell
Øyvind Hegg-Lunde
Betalt det du kan!
Foto: Øystein Haara
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










