Advertisement
BJØRN EIDSVÅG OG BJARTE TJØSTHEIM PÅ TURNÉ – LATTER, MUSIKK OG EIT STREIF AV NÅDETo av Noregs mest folkekjære kunstnarar, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg saman for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet, inviterer dei publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.
Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har vore gjest i Bjartes TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ei lett forfylld utgåve av seg sjølv.
No forener dei krefter, vidd og det vesle dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og raljerast, men dei skal òg gjere eit forsøk på å reflektere over små og store spørsmål – undring er dei gode på. Begge har ei kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å kome til kort. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å felle nådelaust harde dommar over seg sjølve. Samstundes jagar dei etter nåden – etter nokon som kan tole dei slik dei er.
Publikum kan vente seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvågs eminente band vil sørgje for musikalsk tyngd, og Tjøstheim vil òg bidra med sine rytmiske ferdigheiter. Om det blir oppbyggjeleg og sjelsettande, veit ingen. Men kjedeleg blir det definitivt ikkje – til det er framsyninga for kort.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





