Advertisement
Endeleg er Bård Tufte Johansen tilbake med eit nytt standup-show!Bård Tufte Johansen har sidan tidleg nittital laga ei lang rekkje humorprogram, mellom anna «Lille Lørdag», «Åpen Post», «Uti vår hage», «Team Antonsen», «Tazte Priv», «Tre brødre som ikke er brødre» og «Brille» – for å nemne nokre.
Som dei fleste no veit, er han fast programleiar i «Nytt på Nytt» på NRK og var sist å sjå på scena i «12 Gode Råd» saman med Atle Antonsen.
Etter supersuksessen med solodebuten «Bård Tufte Johansen – Mann (44)», som fekk både femmarar og seksarar av meldarane, er han no klar med den etterlengta oppfølgjaren.
Alt var kanskje ikkje betre før, men det var i alle fall annleis. For ting endrar seg – i kroppen, i forholdet og i samfunnet.
Men det er inga vits i å stritte imot endring; ein kan like gjerne akseptere henne. Så Bård Tufte Johansen vel å vere positiv!
Eller… han prøver å vere positiv.
Hjarteleg velkomen til ein forsøksvis positiv humorkveld!
Meldarane var i alle fall positive…:
«Ei maktdemonstrasjon» terningkast 6 – NRK
«Eit kinderegg – eit stort eit!» terningkast 6 – NETTAVISEN
«Ein av våre beste komikarar» terningkast 5 – AFTENPOSTEN
«Førsteklasses opplegg» terningkast 5 - DAGSAVISEN
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 4. desember 2026, kl. 19:00.
Varigheit: cirka 75 minutt utan pause.
Billettprisar:
Ordinær: kr 565,-
Gruppepris for 6 eller fleire: kr 540,- per stk.
Student: kr 465,- studentbevis må visast i døra.
Ledsagerbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Den som treng følgje skal kjøpe ordinær billett. Følgjekort/bevis skal visast i døra.)
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





