Advertisement
FØRDEHUSETLaurdag 5. desember
Endeleg er Bård Tufte Johansen tilbake med eit nytt standup-show!
Bård Tufte Johansen har sidan tidleg nittital laga ei lang rekkje humorprogram, bl.a. «Lille Lørdag», «Åpen Post», «Uti vår hage», «Team Antonsen», «Tazte Priv», «Tre brødre som ikke er brødre» og «Brille» for å nemne noko.
Han er, som dei fleste no veit, fast programleiar i «Nytt på Nytt» på NRK og var sist å sjå på scena i «12 Gode Råd» saman med Atle Antonsen.
Etter supersuksessen med debut-soloframsyninga «Bård Tufte Johansen – Mann (44)», som fekk seksarar og femmarar på terningkast-skalaen, er han no altså klar med den etterlengta oppfølgjaren.
Alt var kanskje ikkje betre før, men det var i alle fall annleis. For ting forandrar seg, både i kroppen, i forholdet og i samfunnet.
Men det er inga vits i å stritte imot endring — ein kan like gjerne akseptere ho. Så Bård Tufte Johansen vel å vere positiv!
Eller, han prøver å vere positiv.
Hjarteleg velkomen til ein forsøksvis positiv humorkveld!
Anmeldarane var i alle fall positive…:
Terningkast: 6
«En maktdemonstrasjon»
– NRK
Terningkast: 6
«Et kinderegg – et stort et!»
– NETTAVISEN
Terningkast: 5
«En av våre beste komikere»
– AFTENPOSTEN
Terningkast: 5
«Førsteklasses opplegg»
– DAGSAVISEN
Advertisement
Event Venue
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.



