Advertisement
Velkomen til ein oppdatert guide til kunstig intelligens, eitt år etter Anne Kat Hærland sitt første sceneshow om KI Oslo.Don´t panic er relevant, modig, velskrive, morosam, opplysande og djupt original. Det er alt ein kan be om av ei moderne sceneførestilling. Derfor fortener den terningkast 6, skreiv SN avis.
Responsen på det første showet har vore so overveldande at ho berre måtte lage ein oppfølgjar. Kunstig intelligens har utvikla seg enormt på eitt år, no tek vi reisa vidare saman.
Nypremiera var på Edderkoppen Scene 26. november og 20. februar kjem ho til oss.
Anne-Kat Hærland har fordjupa seg i kunstig intelligens i over tre år og har opparbeida seg ein omfattande kunnskap om temaet. I tillegg til å vere seniorkonsulent for Nora.ai er ho ein ettertrakta føredragshaldar om temaet.
No er ho på ny klar for å dele sin fascinasjon og innsikt frå scenekanten på ein måte berre Anne-Kat kan. Dette er ei førestilling du ikkje vil gå glipp av – ei uforgløymeleg reise gjennom den fascinerande verda av kunstig intelligens, presentert med Anne-Kat si unike blanding av humor og skarp observasjon.
Dette er noko av det pressa har skrive:
Fikk meg til å le høyt – og tenke hardt, SN avis
Terningkast 5, opplysningshumor i særklasse, Radio E
Fremdeles blant Norges skarpeste komikere, Nrk
Tankevekkende poenger, Dagsavisen
Veldig bra show, Norsk Ukeblad
Genialt Anne Kat, Radio Norge
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 20. februar kl. 19:00.
Varigheit: cirka 70 minutt utan pause.
Billettpris:
Ordinær: kr 595,-
Ledsagerbevis/Følgjekort: kr 0,- (Bevis må visast i døra)
Advertisement
Event Venue
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.