Alf Kjetil Walgermo: Litteratur i Andeby - Donald Duck og bøkene

Mon Mar 16 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Litteraturhuset i Trondheim | Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim
Publisher/HostLitteraturhuset i Trondheim
Alf Kjetil Walgermo: Litteratur i Andeby - Donald Duck og b\u00f8kene
Advertisement
Bli med på eit muntert-vitskapleg foredrag om Donald Duck og bøkene hans!
Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Det gjeld også forfattaren av denne boka. Alf Kjetil Walgermo har skrive ei morosam og analytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.
Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.
Boka gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton.
Litteratur i Andeby er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede!
Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) er kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Han er for tida aktuell med boka Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.
Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim
Stad: Sellanraa
Billettpris: 150/100
Foto: Agnete Brun / Samlaget
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Litteraturhuset i Trondheim, Kongens gate 2,Trondheim, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Trondheim

Michael Schenker "My Years With UFO" Tour \/\/ Byscenen
Tue, 17 Mar at 08:00 pm Michael Schenker "My Years With UFO" Tour // Byscenen

Kongens Gate 19, 7012 Trondheim, Norway

Turn\u00e9teatret i Tr\u00f8ndelag: "Heimert" \/\/ Orkland
Wed, 18 Mar at 07:00 pm Turnéteatret i Trøndelag: "Heimert" // Orkland

Orkland Kulturscene

Linda Eide: Musikk i 1000 \u00e5r
Thu, 19 Mar at 07:00 pm Linda Eide: Musikk i 1000 år

Olavshallen

NM janitsjar 2026
Fri, 20 Mar at 09:00 am NM janitsjar 2026

Olavshallen

Aikido seminar with Sonja Sauer, 5th dan Aikikai
Fri, 20 Mar at 07:00 pm Aikido seminar with Sonja Sauer, 5th dan Aikikai

Innherredsveien 19, 7043 Trondheim, Norway

Spelloppmaker \/\/ Havet Langhuset, Trondheim
Fri, 20 Mar at 08:00 pm Spelloppmaker // Havet Langhuset, Trondheim

HAVET

Trondheim is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Trondheim Events