Advertisement
Bli med på ein eksplosiv dose humor og livsglede når Alex Rosén kjem til Kulturnaustet i Norheimsund.Alex Rosén, kjend som Noregs mest energiske komikar, rocker, programleiar og eventyrar.
Dette er meir enn eit føredrag – det er ei oppleving. Med utgangspunkt i eigne erfaringar og ekspedisjonar leverer Alex ærlege og annleis historier frå eit liv fylt av galskap og suksess.
Opplevingane hans frå Nordpolen med seglbåten Berserk, eigen oppvekst med fokus på rolla som son, kjæraste og far, boka Tøff pappa, kvifor han miste jobben i NRK (sju gonger), interessa for Tordenskjold og utforsking av verdsrommet, er berre nokre stikkord for kvelden – som òg byr på musikalske innslag.
Dørene opner kl. 18.00.
Det vert sal av forfriskningar.
Alex går på scena ca. kl. 19.30.
Kjøp billettar på TicketCo https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/fra_seilskute_til_romskip
Pris: 390 kr
Foto: Kenneth Baluba Sporsheim
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund, Norway, Sandvenvegen 56C, 5600 Norheimsund, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







