Advertisement
Osascena 2026 opnar dørene til ny konsertbase på finaste Ole Bull Akademiet og startar vårsesongen med to musikalske opplevingar på same kveld! Det vert høve til å kjøpe forfriskingar i baren før konserten og i pausa. Billettar i sal på TicketCo no!STEINAR RYGG: «SLÅTTEARVEN ETTER LEIF RYGG»
Steinar Rygg fortel om faren Leif som lidenskapleg felespelar og miljøbyggjar. På konserten kan du blant anna få høyra kjente tonestykke som Bygdatråen, Lengt og Budeiene på Vikafjell – slåttar som var svært sentrale i Leif Rygg sitt repertoar.
Leif Rygg (1940–2018) var riksspelemann og ein bauta i norsk folkemusikk. Han hadde ein heilt eigen tone i slåttespelet og var ein formidlar av rang. Rygg var lidenskapleg interessert i det han dreiv med, og hadde ei unik evne til å begeistre dei rundt seg. I tillegg til spelemann var han ein dyktig kulturentrepenør og organisator. Han arbeidde systematisk med rekruttering og opplæring for å halde folkemusikk-miljøet levande, og bygde opp spelemannskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss til eit akademisk studium. Leif Rygg sitt aller største bidrag var hans livslange arbeid for å vidareføre den rike vestlandske slåttearven. Konsertføredraget bygge på boka «Leif Rygg. Spelemannen og slåttearven» (2021) av Steinar Rygg.
PLATESLEPP MED LUDO
Ludo framfører slåttar frå Voss, Hardanger og Sunnhordaland. Melodiane vert arrangert i eit jazzharmonisk landskap der er ein tek vare på slåttene sin eigenart samtidig som ein tilfører nye musikalske element. Improvisasjon og energi er sentralt i Ludo sitt uttrykk. Gruppa har eksistert sidan 2006., og no er dei aktuelle med ny EP
Steinar Ryg - hardingfele og fiolin
Frode Hammerslan - el-bass
Åsmund Espeland - akustisk gitar
Konsertstart 19.00
Dører 18.30
Billettar kr. 250,-/150,- i sal på TicketCo eller i døra
Sesongkort for Osascena våren 2026 vert straks lagt ut for sal på TicketCo.
Osascena er støtta av Kulturdirektoratet
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Strengjarhaugen 6, 5700 Vossevangen, Norway, Strengjarhaugen 6, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









