Advertisement
Servering frå kl. 17.00.Kl. 18.00 syner me førpremiere på filmen "Begynnelser", ein heilt ny dansk dramafilm.
Ta gjerne med nokon du kjenner, og bli med på ein triveleg kveld.
Hjarteleg velkomen skal du vere.
Meir om filmen:
Ane og Thomas er i ferd med å gå frå kvarandre, men har endå ikkje fortalt det til barna. Når Ane blir ramma av eit slag, blir alt sett på vent.
Ane og Thomas er i ferd med å gå frå kvarandre, men har endå ikkje fortalt det til barna. Når Ane blir ramma av eit slag, blir alt sett på vent. Dei held fram med å bu saman medan ho kjempar seg attende. Kvardagen består no av nye rutiner og uavklarte kjensler. "Begyndelser" er ein lågmælt film om ein familie i oppløysing – og om korleis ei livsendrande hending snur alle sine liv på hovudet.
Med eit observerande blikk og fantastiske prestasjonar frå Trine Dyrholm og David Dencik i hovudrollene skildrar dette nydelege danske dramaet kva som skjer når ein mistar kontrollen, og blir tvinga til å byrje på nytt.
Regissør: Jeanette Nordahl
Drama
Filmen varar i 1 time og 36 minutt.
Aldersgrense: 12 år
Advertisement
Event Venue
Myren 40, 3570 Ål, Norway, Myren 40, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.









