60 år med rock

Sat, 04 Oct, 2025 at 07:30 pm UTC+02:00

Brakanes Hotel | Voss

60 \u00e5r med rock
Advertisement
«60 år med rock»!
Rockefestival i Ulvik laurdag 4. okt. 2025.
Laurdag 4. oktober 2025 brakar det laus i Kongressen på Brakanes hotell i Ulvik med rockefestivalen «60 år med rock».
Då er alle hjarteleg velkomne til gratis konsertkveld og ope hus.
Dørene opnar kl 19.30 med konsertstart kl 20.30.
Fire kompetente band vil framføra låtar frå det noko snevre musikalske universet eg har hatt glede av å dagleg frekventera i (nesten) 60 år; gitarbasert rock.
Banda som stiller er:
Kl 20.30: Terje Breivik band (heimaspikra politisk rock).
Kl 21.45: Skarpskodde Menn (Status Quo, ZZ Top, Lynyrd Skynyrd mm).
Kl 22.45. Riff Raff (AC/DC) med Kim Fairchild (vokal) og Audun Hasti (gitar) som gjesteartistar.
Kl 23.45. Dum Dum Men (Dum Dum Boys).
I tillegg dukkar det opp ein gjesteartist og to, eller tre. Kven og kor mange vert offentleggjort utover sommaren.
Det vert gode pausar med høve til å sosialisera, møta folk det kanskje er lenge sidan sist ein såg, ta seg ein tur i baren, trekkja frisk luft nede ved fjorden, eller berre nyta at ein er ein del av akkurat dette fellesskapet i kveld.
På dagtid er det torgdag i Ulvik med eit vell av lokale produkt til sals. Det beste bygda kan by på av fast og flytande føde kan nytast og kjøpast med seg heim.
Det vert høve til gratis cruice på fjorden i tidsrommet kl 12.00 - 16.00, med turar som varar ca 45 min. Avgang ved kaien til Brakanes hotell. Båten har alle rettar, også gratis, for dei som er i vorspielmodus.
Treng du/de overnatting har Brakanes hotell (www.brakanes-hotel.no) rabbaterte prisar for dei som skal på konserten, og bestiller før 01.09.2025.
Oppgje «ref.nr 500050, terjebreivikbursdag», ved bestilling via tlf.: 56 52 61 05 eller e-post: [email protected]
PS! Vidaresend gjerne arrangementinvitasjonen til venner og bekjente. Dess fleire me vert denne kvelden, dess større vert opplevinga for alle som kjem 🥰 🤘
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Brakanes Hotel, Promenaden 3, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Norsk Matglede 2025
Sat, 04 Oct at 10:00 am Norsk Matglede 2025

Vesleslåttvegen 13 3580 Geilo, Norway

Siderfest
Sat, 04 Oct at 08:00 pm Siderfest

Mathuset, Sjusetevegen 14, 5610 Øystese, Norge

Steinar Karlsen trio \/\/ Kapellank\u00e5ken, Voss
Wed, 08 Oct at 07:00 pm Steinar Karlsen trio // Kapellankåken, Voss

Kapellankåken

Odd Nordstoga - Spelemann \/\/ Gamlekinoen
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga - Spelemann // Gamlekinoen

Gamlekinoen

Odd Nordstoga in Voss
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga in Voss

Gamlekinoen

Odd Nordstoga in Voss
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga in Voss

Gamlekinoen

Yogahelg med Rebecca Loos
Fri, 10 Oct at 06:00 pm Yogahelg med Rebecca Loos

Rallarvegen 2660 / Pb 12 , 5719 Finse, Norway

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events