Steinar Karlsen trio // Kapellankåken, Voss

Wed, 08 Oct, 2025 at 07:00 pm UTC+02:00

Kapellankåken | Voss

Steinar Karlsen - artist
Publisher/HostSteinar Karlsen - artist
Steinar Karlsen trio \/\/ Kapellank\u00e5ken, Voss
Advertisement
Gitarist Steinar Karlsen er kanskje mest kjend frå Good Time Charlie, men debuterte med sitt første soloalbum i 2011. Han har sidan då hausta åtgaum for sin instrumentalmusikk. Det amerikanske magasinet Vintage Guitar har omtala gitaristen som: "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals".
Karlsen lanserte hausten 2024 sitt åttande soloalbum "Doggerland", som er eit musikkverk om dette landet som ein gang låg der nordsjøen ligg i dag. Albumet markerar ei spanande utforsking av nye musikalske verkemiddel, der Karlsen saman med Kåre Opheim (trommer) og Morten Skage (bass), tek i bruk improvisasjon og skapar unike komposisjonar. Akkurat som god filmmusikk, manar låtane fram bilete av det mystiske Doggerland. I det blåe mørkeret finst også lyse stemningar, malt med gitaren som pensel. Med hint til blues og jazz, folkemusikk og rock, skaper Karlsen sin særeigne musikalske palett.
Den gode melodien står i sentrum når artisten frå Sunnfjord formidlar instrumentalmusikk. Saman med Morten Skage og Kåre Opheim framfører Karlsen sjølvskrivne komposisjonar frå både “Doggerland” og tidlegare album.
Ynskjer du å bli meir kjend med artisten før konserten, er alle Steinar Karlsen sine album tilgjengeleg på Spotify og andre straumetenester.
Gjer deg klar for ei musikalsk reise inn i Karlsens stemningsfulle univers.
Konserten er støtta av Sogn og Fjordane musikkfond/Brak
Billettar vert lagt ut 2. juli. Cc 250,-+avgift
Steinar Karlsen: gitar og steelgitar
Morten Skage: bass
Kåre Opheim: trommer
___________________________________________________________________
Omtale:

Doggerland(2024)
"Engasjerende låter som har klare filmmusikk-kvaliteter."
- Audun Vinger, Jazznytt

Transitt (2023)
“Melodisk og harmonisk elegant. ... Steinar Karlsen fortener eit større publikum».
- Lars Mossefinn, saltpeanuts.eu

Destination Venus (2020)
«Beautifully recorded and a most rewarding listen. Highly recommended.»
- Alan Taylor, Pipeline (UK)

Tur (2015)
«One of the best instrumental releases of the year.»
- Pete Prown, Vintage Guitar (US)

Hanens Død (2013)
“Eit soundtrack for ein westernfilm som ikkje er laga enno”
- Øyvind Pharo, Dag og tid

Ulydium (2011)
«Steinar Karlsen leverer en knallgod søknad om medlemskap i en
forening som har folk som Danny Gatton, Link Wray, Dick Dale, Duane Eddy, Steve Morse og The Ventures som framskutte medlemmer.»
– Øyvind Rønning, Dagbladet
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Kapellankåken, Ullestadvegen 10,Voss, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Odd Nordstoga - Spelemann \/\/ Gamlekinoen
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga - Spelemann // Gamlekinoen

Gamlekinoen

Odd Nordstoga in Voss
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga in Voss

Gamlekinoen

Odd Nordstoga in Voss
Thu, 09 Oct at 08:00 pm Odd Nordstoga in Voss

Gamlekinoen

Yogahelg med Rebecca Loos
Fri, 10 Oct at 06:00 pm Yogahelg med Rebecca Loos

Rallarvegen 2660 / Pb 12 , 5719 Finse, Norway

"Skam deg Mayliss"- Ei kvinne, eit liv \u2013 og ei b\u00f8lgje av kjensler!
Fri, 10 Oct at 06:30 pm "Skam deg Mayliss"- Ei kvinne, eit liv – og ei bølgje av kjensler!

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events