100-årsjubileum for Nynorsk salmebok i Haus kyrkje 23. november kl. 19.00

Sun, 23 Nov, 2025 at 07:00 pm

Haus kyrkje, Votlavegen/Haus 50, 5286 Haus | Bergen

Kyrkja Oster\u00f8y
Publisher/HostKyrkja Osterøy
100-\u00e5rsjubileum for Nynorsk salmebok i Haus kyrkje 23. november kl. 19.00
Advertisement
Haus kulturminnelag, i samarbeid med Osterøy sokneråd og Osterøy mållag, skal arrangera ei feiring i Haus kyrkja søndag den 23. november kl. 19. Det er ei markering for 100 års jubileet for Nynorsk salmebok.
I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk.
Noregs Mållag vonar at dette hundreårsjubileet kan opne for mange markeringar der dei nynorske salmane og allsongen kan få hovudrolla.
Nynorsk salmebok vart laga av biskop Bernt Støylen, sokneprest Anders Hovden og biskop Peter Hognestad og dei brukte fire år på arbeidet. Boka hadde 711 salmar på nynorsk og salmar på bokmål.
Salmene til Elias Blix var allereie mykje brukt i kyrkjene. Målfolket hadde vona å få til ei felles salmebok, men når det ikkje vart tok Samlaget initiativ til å lage ei eiga nynorsk salmebok.
Boka vart ein skikkeleg suksess. Ho vart brukt i nynorskområde i bortimot 60 år, og på det meste i etterkrigstida, vart ho brukt av knapt ein tredjedel av kyrkjesogna i Noreg. Les den interessante soga om Nynorsk salmebok skriven av Per Halse i Store Norske Leksikon.
Billettpris: 150 kr for voksne. Under 16 år gratis.
Overskot av billettsalg vil gå uavkorta til innsamling til innkjøp av flygel til Haus kyrkja. Ivar Mæland (orgel), Cathrine Snypsøyr (song) og Malgorzata Tveit (fløyte) skal delta denne kvelden.
Advertisement

Event Venue

Haus kyrkje, Votlavegen/Haus 50, 5286 Haus, Haus Kyrkje, Votlavegen, 5286 Haus, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Music in BergenHistory in Bergen

Ask AI if this event suits you: