Advertisement
Nina Fjeldet – Ômvesla Ein forteljarkonsert om å satse, om å reise, og om å bli.
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.
Ômvesla er ei sterk og gripande førestilling der Nina Fjeldet fletter saman fleire historier, og bind det heile saman med godt felespel. Vi får høre historier om verkelege folk og hendingar frå langt tilbake i tid, samtidig som ho får knytt dei til si eige historie, og det samfunnet vi lever i i dag.
Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens teneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv. Ho formidlar gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir. Ômvesla er hennas fyrste soloforestilling.
Nina Fjeldet Fele og forteljing
Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Ômvesla er produsert av Riksscenen, med støtta frå Norsk Kulturråd. Det er Folkemusikk Nord, Scene Nord sin folkemusikkavdeling i Målselv, som sender Nina og Ômvesla på turné i Troms i 2025.
Billettsalg ved døra kr200,-
Barn og ungdom gratis.
Dørene åpner 18.30.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Arvid Hanssen-huset Tverrveien 1, 9311 Brøstad, Norway, Tverrveien 1, 9311 Brøstadbotn, Norge,Brøstad, Troms, Norway, Sørreisa