Advertisement
Åpningsforedrag: Bibelen på 60 minutt med Kari VeitebergVerdas viktigaste bok, Bibelen, forklart slik at alle kan forstå!
Bibelen er så mykje meir enn ei bok, den er eit heilt bibliotek med noveller, biografiar, poesi, helteepos og apokalypsar. For å forstå oss sjølv må vi kjenne Bibelen; boka er heilt sentral for kulturen vår. Men Bibelen kan vere tung å lese. Oslos eks-biskop, Kari Veiteberg, gir oss ein enklare veg inn til Bibel-tekstane. Frå evangelia tek ho oss med til det gamle testamentet og vidare til breva, salmane og merkelege tekstar som Johannes’ openbaring. Ho fortel om fæle tekstar, og tekstar som har blitt brukt til å halde kvinner nede. Vi får vite kor kjende uttrykk som «perler for svin» og «ulv i fåreklær» kjem frå, og i bokas flotte illustrasjonar ser vi korleis Bibelen er gjenskapt i verdskunsten. Denne kunnskapsrike og inspirerande teksten frå Kari Veiteberg får oss til å oppdage Bibelen på ny, eller for første gong.
Kari Veiteberg er tidlegare biskop i Oslo. Ho er dr.theol. og tidlegare gateprest. Veiteberg har skrive fleire bøker, mellom anna Bibelens kvinner og Evas døtrer. I 2020 blei ho tildelt Målprisen for «å bruka språket på ein måte som gjer trua nærare for dei som trur, og meir levande for dei som ikkje trur».
Arrangementet er ein del av Kapittel - Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfrihet, 17-21 september 2025. Meir informasjon, program og billettar finn du på www.kapittel.no.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stavanger domkirke, Haakon VIIs gate 1, 4005 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway
Tickets