Advertisement
«Einsemd får fram det originale, det dristig og underleg vakre, diktet. Men einsemd får òg fram det motsette, det urimelege, det absurde og ulovlege.» Frå Døden i Venezia av Thomas MannVerda slik me kjenner ho står og vippar. Ein kjensle av undergang snik seg inn på oss. Korleis agerer me når avgrunnen står og gapar rett framfor føtene våre? Når styrtregnet tømmer seg over oss, når menneske blir jaga på flukt, og når sanninga blir forvridd til det absurde? Får det oss til å handla? Gustav von Aschenbach i Thomas Mann si novelle Døden i Venezia gjer som mange av oss: Han spring heim og bestiller ferie til Syden.
I samansmeltinga mellom eit distansert tekstleg førelegg, eit brutalt koreografisk materiale, og eit forførande musikalsk uttrykk, ynskjer framsyninga å undersøkja eit menneske som nektar å erkjenna at døden har inntatt manesjen, og som heller rømmer inn i sjølvbedraget og begjæret.
Ymist arbeidar i eit scenisk språkområde som insisterer på at den koreograferte rørsla er like viktig som den talte teksten. Der det fleirstemmige i skodespelaren sin kropp, stemme, og fysikk er det kunstnarlege brennpunktet i møte med litteraturen. Elementa skal ikkje illustrera men utfordra, og stå i opposisjon til kvarandre. Dei tekstlege førelegga er ikkje-dramatiske tekstar med tydelege litterære kvalitetar. Fokuset for arbeidet er å gje litteraturen kropp – og å gestalta tekstens materialitet.
Tod in Venedig av Thomas Mann
Forfattar: Thomas Mann. Rettighetshaver, forlag: S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany ©
I samarbeid med Nationaltheatret .
For kredits og billetter her: https://blackbox.no/nb/doden-i-venezia/
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Nationaltheatret, National Theater, 0161 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets