Advertisement
Korleis gjer du merkevaren din relevant for dei rette folka – og ikkje berre for folk flest?Denne workshopen er laga for deg som vil ta eit nytt steg i å byggje ei sterkare merkevare. For dei som deltok på førre samling, er dette ei naturleg vidareføring. For nye deltakarar er det ein praktisk inngang til å forstå korleis eit tydeleg merkevareløfte kan bli den raude tråden i betre kommunikasjon, sal og kultur.
Workshop: Færre folk – større effekt: slik får du mest ut av merkevaren din
Før lunsj (09:00–11:30)
Frå posisjon til løfte
– Folk vil ikkje ha produktet ditt, men endringa og kjensla det skapar
– Kva skil eit sterkt merkevareløfte frå eit tomt slagord og kva er ein god posisjon
– Korleis merkevareløftet heng saman med målgruppa si verdsoppfatning
– Øving 1: Kartlegg kva løftet ditt signaliserer i dag, og kven som trur på det
Etter lunsj (12.00–14:00)
Frå løfte til handling
– Kvifor få, men rette kundar gjev størst effekt
– Tillit kjem frå frekvens og gode historier
– Merkevare som kultur: normaliser ny åtferd, ikkje jag alle
– Øving 2: Utform eit merkevareløfte og lag ei enkel forteljing som gjer at målgruppa bryr seg
Kvifor delta?
– Du får prøve å skissere eit konkret merkevareløfte som kan brukast i kommunikasjonen til bedrifta di
– Du lærer å prioritere rett målgruppe
– Du får verktøy til å omsetje løftet ditt til handling og kultur
Med forbehald om endringar.
Pris: NOK 750 ,- eks. mva. (inkl. lunsj)
Påmelding til: [email protected]
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hagellia 6, 5914 Knarvik, Norway, Hagellia 6, 5914 Isdalstø, Norge, Bergen, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










