Advertisement
Litterær samtale om med Marte Michelet. Då Jon Michelet døydde i 2018, vart Marte Michelet oppmoda frå fleire hald: Du må skriva om far din! For Marte vekte det berre motvilje. Ei bok om pappa? Nei takk. Heilt til ho ein sommar får det for seg at ho skal laive han. Ho har eit hotellrom for natta, på konto står eit lite stipend, og nokre lause ferieveker ligg framfor henne. Så ho seier som kristenfolket: What Would Jon Michelet Do?
I si siste bok, "Det har skjedd verre ting i utlandet", skriv Marte Michelet gnistrande og personleg om å veksa opp langs partilinja, om fordelar og ulemper ved Theatercafeen, om å tilhøyra dei suspekte utlendingane i Lusaka, om oppturane til farskapen og nederlag og om å læra seg å gå som ein mann.
Samtalen på scena blir leidd av dagleg leiar Den norske bokbyen, Heidi Bøhagen.
Arrangementet inngår i programmet til Jul i Fjærland og er eit samarbeid mellom Den norske bokbyen og Fjærland Næringssamskipnad og er støtta av Fritt Ord.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Fjærland Fjordstove Hotell, Fjærlandsfjorden 258,Leikanger, Førde, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











