Advertisement
Me i IKFF-Trondheim feirar verdas Jorddag kvelden 5.desember på Feministhuset. Hjarteleg velkommen til alle som vil feira i lag med oss.PROGRAM:
Kort innleiing ved Rigmor Bjerche (Styremedlem i IKFF i Trondheim og aktivist i jordvern), om trugsmåla mot matjorda vår generelt og om korleis krig og militarisme kan øydeleggja matjord og matproduksjon spesielt.
Videosnutt med Roger Mood
Kommentarar og refleksjonar
Avslutning: Slik meitemarken ser det, en tekst av Rigmor Bjerche, lest av poeten selv.
Enkel servering.
Arealet med matjord i Noreg vert stadig redusert, den beste kulturjorda er mest utsett. 60% av maten me treng for å oppretthalda livet kjem over riksgrensa. Me har fått beskjed om å sikra oss eit lager med mat og vatn foir ei veke i heimane våre. Bondestanden i Noreg skrumpar inn.
Kvifor tek me ikkje betre vare på både matjorda og dei som dyrkar ho ?
Kva skjer med matproduksjonen og matjorda når klima og krig går hand i hand ?
Er mat til folket ein vesentleg del av den store satsinga på forsvaret her til lands?
Finst det ordningar for tilstrekkeleg matproduksjon og -distribusjon viss ei krise skulle oppstå?
Vil kanskje Rema, Coop og Kiwi sikra nasjonen nok føde i ein krisesituasjon?
Me er innom desse spørsmåla 5.desember og vonar DU vil delta med dine refleksjonar under møtet.
HJARTELEG VELKOMMEN!
NB: Om du vil lese deg opp, har IKFF gitt ut et eget temanummer på FRED og FRIHET: https://www.ikff.no/wp-content/uploads/2024/03/Fred-og-Frihet-nr-1-2024.pdf
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Feministhuset i Trondheim, Kjøpmannsgt.51, 7011, Verftsgata 4, 7042 Trondheim, Norge,Trondheim, Norway