Advertisement
Brevvekslinga mellom Kitty Kielland og Arne GarborgArne Garborg og Kitty Kielland var nære venner. Deler av breva dei sende til kvarandre er samla i boka Brevveksling 1885-1906. Gjennom denne framsyninga ønskjer me ganske enkelt å utforska kunsten å vera venn, med utgangspunkt i brevsamlinga.
Vennskap
«Hva betyr det å være en venn? Hva innebærer et vennskap? Handler vennskap om å gi og ta? […] Hvor godt kjenner nære venner hverandre? Hva forstår en god venn intuitivt uten at det behøver å sies?» Spørsmåla vert stilte i Ine W. Fintland si innleiing «Vennskapskunst og vennskapsspor».
Som skodespelarar er me vane med å stå på scena i opprivande og lite vennskapelege drama. Ligg det berre i dramatikkens natur at gode og varige vennskap er sjeldan vare i teateret? Eller speglar det at slike vennskap er sjeldne?
Gjennom dialogen mellom Kitty Kielland og Arne Garborg vil me gjerne invitera dykk med i utforskinga av Vennskapskunst. Hjarteleg velkommen!
I all vennskapelegheit,
Nina Ellen Ødegård og Torbjørn Berglund Eriksen
Et samarbeid med Garborgdagar
Vennskapskunst er eit samarbeid med Garborgdagar 2025, som er ein årleg litteraturfestival i Time kommune på Jæren, Arne Garborg sin fødekommune. Festivalen vert arrangert i dagane kring Arne Garborg sin fødselsdag, 25. januar.
Plakatfoto Sondre Michaelsen
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Teaterveien 1, 4005 Stavanger, Norway, Teaterveien 1, 4005 Stavanger, Norge,Stavanger, Norway
Tickets