Advertisement
Velkommen til vandreteater med Eventyr i parken. Julestemninga er sikra! Bli med på forestillinga Lussi Langnatt. Vandreteateret foregår utandørs på museumsområdet, så pass på å kle deg etter veret. Inkludert i teaterbilletten er inngang til juleverkstaden som er på museet kl 11-16.
Lussi Langnatt:
Svart senker natten seg, i stall og stue. Andrea og Silje skal feire si fyrste jul saman som stesøstre. Det er ikkje særleg enkelt når dei er vane med å gjere alt klart til jul på heilt ulike måter! Dei kranglar, noko dei har gjort mykje i det siste, men å krangle på ei natt som denne er ikkje særleg lurt. I natt er nemleg mørkrets dronning Lussi ute og vandrar, på jakt etter triste og mørke tankar. Lussinatten er ei av årets lengste netter, ei natt kor mykje rart hender; dyra kan plutseleg snakke, og vetter og nissar skal sørge for at alt er klart til jul. Sola har gått sin veg, skuggane truer. Ei natt der lyset og mørkret må kjempe mot kvarandre - vi treng di hjelp!
Billett kostar 120kr per person og inkluderer også inngang til Kystmuseets juleverkstad. Vis kvittering for billettkjøp i kassen på museet så får du utlevert billettband.
Førestillinga startar ved hovudinngangen til museet, og varer ca 1 time.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norway, Museumsvegen 9, 5337 Rong, Norge,Herdla, Bergen, Norway
Tickets