Valkyrien Allstars med supp: Ævestaden

Sat Jun 26 2021 at 07:00 pm

SALT art & music | Oslo

SALT art & music
Publisher/HostSALT art & music
Valkyrien Allstars med supp: \u00c6vestaden
Advertisement
[Konserten er utsolgt! Dersom det blir mulig å legge ut flere billetter, vil det bli varslet om her på arrangementet.]
26. juni fylles SALT med det beste og det råaste av norsk tradisjonsmusikk når folkemusikkfestivalen Blåmyra Folk Fest går av stabelen for første gang.
Blåmyra Folk Fest er eit samarbeid mellom SALT, Oslofolk – laget for folkemusikk, SAFFA, Riksscenen og Folkemusikkveka på Ål. Vi samlar eit knippe av dei beste utøvarane innan norsk folkemusikk og folkedans til folkefest på SALT.
19:30 – VALKYRIEN ALLSTARS – SUPP. ÆVESTADEN
VALKYRIEN ALLSTARS er kjent som eit av landets beste liveband og har sidan debuten i 2007 vore pionerar innan arrangert folkemusikk. Valkyrien Allstars har eit solid fotfeste i norsk tradisjonsmusikk samstundes som dei stilsikkert og elegant leikar seg med mange ulike sjangrar og uttrykk, noko som gjer musikken deira grenselaus, særeigen og appellerande til et stort publikum.
ÆVESTADEN skapar eit særeige klanglandskap med både feler, langeleikar, song, kraviklyre og munnharpe, samt elektronikk og effektpedalar. Det eigenkomponerte materialet deira tek utgangspunkt i norsk og svensk folkemusikk. I april 2021 slapp dei debutsingelen Stanna Inte, og i mai slepp dei sitt fyrste album.
Etter konsertane byr vi på fest i Langhuset og Bazaar. Alle med konsertbillett har fri inngang på Tuvas Blodklubb.
22.00 - TUVAS BLODKLUBB (inkludert i konsertbillett)
Tuvas Blodklubb blir servert på Riksscenen ei gong i månedan, men denne kvelden vert heile konseptet flutt ut av storstua på Grünerløkka og inn på SALT. Vi snakkar truleg om Norges, Nordens, ja kanskje til og med verdens første reinspikka folkemusikknattklubb, og det er sjølvsagt Tuva Syvertsen, frå Valkyrien Allstars, som er vertinne for kvelden. Det blir hardcore fele- og hardingfelespel med Anne Hytta og Olav Luksengård Mjelva, folkemusikkaraoke og jam.
Felespelarane Anne Hytta og Olav L. Mjelva av Røros serverer hardbarka springar, pols og halling på denne fyrste skikkelige blodklubben etter pandemiens herjingar. Konserten vert etterfylgt av ein solid runde med Folkemusikkaraoke.
Bli med på en skikkeleg folkefest! For å komme inn på Tuvas Blodklubb må du ha konsertbillett til enten Thov Wetterhus, eller Valkyrien Allstars / Ævestaden.
ØVRING PROGRAM:
16:00 – 17:45
Danseworkshop – Hallingdans Gratis!
18:00
Thov Wetterhus – plateslepp
22:00
Tuvas Blodklubb
Les meri om konsert og plateslepp med Thov Wetterhus:
https://www.facebook.com/events/203592171578417
Les mer om Blåmyra Folk Fest og få nyheter om programmet her: https://www.facebook.com/events/203592171578417
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

SALT art & music, Festningsallmenningen, Oslo, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Concerts in Oslo

Sharing is Caring: