Utstillingsopning: Raud Volvo

Thu Jan 26 2023 at 07:00 pm

Deichman Grünerløkka | Oslo

Deichman Gr\u00fcnerl\u00f8kka
Publisher/HostDeichman Grünerløkka
Utstillingsopning: Raud Volvo
Advertisement
Med stipend frå Grafill stiller Trude Tjensvold ut bilete frå teikneserieromanen Raud Volvo (Samlaget 2022).

Om utstillinga:
«Raud Volvo» er ein teikneserieroman om å miste seg sjølv.
Jenny bur saman med mora og halvbroren Odd. Bestevenninna Ann-Sofi har byrja å røyke og treffe eldre gutar. Jenny trivst best i skogen, der ho kikar på fuglar.
Når Ann-Sofi byrjar å avvise ho, tar Jenny ei rekke dumdristige val. Til slutt hamnar ho i ein situasjon saman med ein eldre gut som ho ikkje kjem seg ut av. Kven er ho etter dette? Og korleis skal ho finne tilbake til seg sjølv?
Gjennom tekst og illustrasjonar har Trude Tjensvold skapa ein sterk og utfordrande roman som handlar om overgrep og om å setje grenser.
«Raud Volvo» er ein hybrid mellom tekst og bildebok og blir gitt ut i samarbeid med Leser søker bok. Illustrasjonane er teikna med blyant og fargelagt digitalt i ein begrensa fargeskala.

Om kunstnaren:
Trude Tjensvold har lang erfaring som illustratør og bildekunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka «Bo flyttar ut», og har sidan gjett ut lettlestboka «Vil du ha katt?» og bildeboka «Bålet».
Raud Volvo kom på Samlaget hausten 2022 og er hennar første teikneserieroman for ungdom.
Instagram:
@trudetjensvold
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Deichman Grünerløkka, Schous plass 10,Oslo, Norway

Sharing is Caring: