TYSVÆR SENIORUNIVERSITET- Oddgeir Bruaset - Slik feirde dei jul der ingen skulle tru at nokon kunne

Thu Nov 14 2024 at 01:00 pm to 02:00 pm UTC+02:00

Tysværtunet Kulturhus | Haugesund

Tysv\u00e6rtunet Kulturhus
Publisher/HostTysværtunet Kulturhus
TYSV\u00c6R SENIORUNIVERSITET- Oddgeir Bruaset - Slik feirde dei jul der ingen skulle tru at nokon kunne
Advertisement
Slik feirde dei jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu- Oddgeir Bruaset, Tysvær senioruniversitet
Sist TV-mannen, forfattaren og foredragshaldaren Oddgeir Bruaset var i Tysværtunet, hausten 2022, fortalde han korleis det har gått med dei som lever der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og kinosalen var stuvande full. Torsdag 14. november kjem han tilbake, og no er det jula som står i sentrum. «Eg er eit julemenneske», slår han fast. Han har skrive bok om juletreet og den 500 år lange historia det har bak seg. Han har skrive fleire bøker om julesongane våre, ettersom mange av dei mest kjende er blitt til på forunderleg vis. Ikkje minst står han bak ei bok som har fått tittelen Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Den handlar om julefeiring og juleskikkar på avsidesliggjande stader i fortid og notid, og ho er full av både rørande og fornøyelege historier. Det er den han først og fremst byggjer foredraget på. «Er folk som bur langt utanfor allfarvegen flinkare til å ta vare på dei gamle juletradisjonane, eller er utkantfolket også blitt moderne menneske som er meir opptekne av trendar enn tradisjonar?» spør han, og han gjev sjølv svaret.

I tillegg til det timelange foredraget viser han illustrerande bilete. Dessutan kan det bli ei spennande historie om ein julesong eller to. Ekstra stas synest han det vil vere om songane kan framførast av lokale songarar og musikarar.

Bruaset er ute på turné og skal halde eit trettitals foredrag rundt om i Sør-Noreg, og med ein fullsett kinosal friskt i minnet, ser han fram til å besøkje Tysværtunet på nytt. Etter foredraget blir det høve til å kjøpe bøker, gjerne med ei personleg helsing attåt.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Tysværtunet Kulturhus, Aksdalveien 157,Tysvær, Haugesund, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Haugesund

Sterk hverdags\u00f8konomi for unge voksne
Wed Nov 13 2024 at 08:30 pm Sterk hverdagsøkonomi for unge voksne

Skåregaten 145, 5501 Haugesund, Norway

John Hammersmark - Det kan alltid bli verre \/ Quality Hotel Maritim
Thu Nov 14 2024 at 08:00 pm John Hammersmark - Det kan alltid bli verre / Quality Hotel Maritim

Quality Hotel Maritim

Sivert H\u00f8yem \u2013 On An Island Tour '24 \/\/ Byscenen Haugesund
Thu Nov 14 2024 at 09:00 pm Sivert Høyem – On An Island Tour '24 // Byscenen Haugesund

Byscenen Haugesund

Familel\u00f8rdag: S\u00e5pebobleshow!
Sat Nov 16 2024 at 12:00 pm Familelørdag: Såpebobleshow!

Aksdalvegen 157, 5570 Tysvær, Norway

Overnatting til Villa Vibrands\u00f8y
Sat Nov 16 2024 at 01:00 pm Overnatting til Villa Vibrandsøy

Vibrandsøy

Afternoon Tea p\u00e5 Hotel Saga
Sat Nov 16 2024 at 03:00 pm Afternoon Tea på Hotel Saga

Thon Partner Hotel Saga

Vernissage \/\/ Camilla Ingvaldsen
Sat Nov 16 2024 at 06:00 pm Vernissage // Camilla Ingvaldsen

Sjøhuskleiva 3, Haugesund

Haugesund is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Haugesund Events