Advertisement
På verdensdagen for psykisk helse set me opp ein ny tur i friluftslivets år 2025, nemleg nærtur med psykolog Susanna Heggland! Me møtes i Uggdal ved parkeringa til dagsturhytta kl18 og går saman bort til Miklastofa. Der skal Susanna prate om tema som er beskrevet nedanfor og korleis me kan nytja naturen rundt oss knytt til dette.Tema på verdensdagen er "psykisk beredskap".
Men kva betyr psykisk beredskap?
* Psykisk beredskap handlar om evna til å tole kriser, endringar og langvarig belastning – både som individ og som samfunn.
* Det omfattar både brå sjokk (som naturkatastrofar, ulukker, konfliktar) og meir gradvise utfordringar som uro, usikkerheit, einsamheit eller samfunnsmessige endringar.
Kvifor er det aktuelt no?
* Verda kjennest meir uforutsigbar: økonomisk usikkerheit, klimautfordringar, konfliktar og rask teknologisk utvikling.
* Mange merkar at uro og utryggleik påverkar kvardagen – til dømes søvn, konsentrasjon og sosiale relasjonar.
* Med betre psykisk beredskap kan ein førebygge negative konsekvensar som stress, angst og isolasjon.
Kva inneber det å styrke psykisk beredskap?
* Tiltaka spenner frå det personlege til fellesskapet:
* Personlege strategiar: å ha gode rutinar, kjenne eigne grenser, vite kva som gir energi og meining, og bruke tidlegare erfaringar for å møte nye utfordringar.
* Å snakke om det før det blir ei krise: dele uro og bekymringar, setje ord på usikkerheit.
* Bygge støttande fellesskap – i skulen, på arbeidsplassen og i nærmiljøet – som gir tillit, tryggleik og tilhøyrsle.
* Auke kunnskap om kva som hjelper når ting blir vanskeleg, og sikre tilgang til ressursar og støtteordningar.
Mål og bodskap:
* Auke medvitet om psykisk motstandskraft (resiliens) – at vi kan førebu oss på usikkerheit, og som regel tåle meir, men at det krev både indre og ytre ressursar.
* Inspirere til handling: ikkje berre refleksjon, men konkrete grep i kvardagen, i lokalsamfunn, skule og arbeidsliv.
Arrangementet er gratis og ope for alle, vel møtt!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Heningen 3, 5685 Uggdalseidet, Norge, Heningen 3, 5685 Uggdalseidet, Norge, Bergen, Norway