Advertisement
Tur til Holtjønnpiggen med bål på toppenTuren startar ved det gamle hotellet på Rapham. Herifrå går vi langs vegen i om lag éin kilometer. Vegen er ikkje brøyta om vinteren. Dersom det er køyrde løyper, går vi på sida av desse.
Etter omtrent ein kilometer byrjar ein stigning i løssnø på rundt 220 høgdemeter. Dei første som går opp ruta vil få det tyngst, medan det blir lettare for dei som kjem etter – vi trakkar raskt opp gode trugespor undervegs.
Målet for turen er dei tre vardane over Holtjønn – Holtjønnpiggen. På toppen fyrer vi opp bål. Turleiar har med ved, men ta med niste og/eller varm drikke.
Lengde: Totalt ca. 5 km
Høgdemeter: Ca. 220 hm
Varigheit: Ca. 2 timar og 30 minutt, inkludert pause
Nivå: Middels
Passar spesielt for: Barn, ungdom og vaksne
Dato: Måndag 2. februar 2026
Oppmøte: Rapham Høfjellshotell / Rapham asylmottak. Køyr så langt opp mot Rapham som mogleg.
Påmeldingsfrist: 1. februar - TRYKK FINN BILLETTER
Turleiar: Gro Enger – tlf. 948 50 968 – [email protected]
Pris: Gratis – alle er velkomne!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Rapham, Raphamnvegen 308, 2670 Otta, Norge, Dombås, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






