Advertisement
Bli med på eit fengslande, morosamt og actionfylt familieeventyr.Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.
I eit forsøk på å løyse dette problemet inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!
Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.
På vegen kjem dei til å støyte på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt levande drake?
Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!
Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Framsyningslengd: ca 70 min
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Parken kulturhus, Parkgata 3b,Ålesund, Norway
Tickets