Torgeir Higraff - verdas tøffaste flåteferd – forteljinga om Kon-Tiki2

Thu Dec 11 2025 at 07:00 pm to 08:30 pm

Vesle Kinn | Førde

Vesle Kinn
Publisher/HostVesle Kinn
Torgeir Higraff - verdas t\u00f8ffaste fl\u00e5teferd \u2013 forteljinga om Kon-Tiki2
Advertisement
Torgeir Higraff er forfattar, eventyrar og lærar. Han har mellom anna leia Kon-Tiki2, den mest ambisiøse flåteferda sidan Thor Heyerdahl si legendariske pionerferd. I foredraget tek han oss med på ei av dei tøffaste norske ekspedisjonane i vårt hundreår – ei reise som BBC kalla «Mission Impossible» – der kunnskapar om havet og norsk maritim tradisjon vart sette på prøve mot dei råaste kreftene i Stillehavet.

Kon-Tiki2 byggjer på arven frå norsk kystkultur og over tusen år med tradisjonar for å utfordre havet. Med to peruanske balsaflåtar la Torgeir og mannskapet ut på ein 10 000 kilometer lang seglas frå Peru til Påskeøya – og vidare attende til Sør-Amerika. Han valde den verste årstida og den mest lunefulle ruta. Målet var å bli den første dokumenterte flåteferda som kryssa Stillehavet tur-retur.

Gjennom unike bilete, film og forteljingar får du ei sjeldan innsikt i ei maktdemonstrasjon av vilje og samarbeid – men òg i kva som skjer når eit team vert pressa heilt til grensa av det mogelege. Foredraget går over to delar à 30 minutt. I pausen og etterpå kan du få signert boka om Kon-Tiki2: Vi synker, men ikke i natt.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Vesle Kinn, Strandgata 23, 6905 Florø, Norge, Førde, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Entertainment in Førde

Ask AI if this event suits you: