Advertisement
«Tenk deg ein hekk» er eit samarbeid mellom den bergensbaserte trioen «Gymnos» og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen. Gymnos (tyder naken på gresk) spelar ei stemningsfull blanding av nordisk jazz, folkemusikk og songar frå populærmusikken, komponert og arrangert av Torbjørn Skjold. Musikken skaper eit intimt og nakent lydlandskap som kler tekstane til Nedreaas. Tekstopplesinga gir brotstykke frå verka hennar nytt liv, med ein tittel henta frå Av måneskinn gror det ingenting, der Nedreaas så elegant skildrar utanforskap, det å vere annleis, og tilhøyrsle sine sterke krefter.Tekstar av Torborg Nedreaas,
lesne av Ingvill Skjold Thorkildsen
Musikk av Torbjørn Skjold, framført av Gymnos
Gymnos
Torbjørn Skjold – saksofon
Bjarne Øymyr – piano
Alex Grieg – bass
Billettar – betal det du kan frå kr 75
Advertisement
Event Venue
Det Vestnorske Teateret, LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen, Norway, Det Vestnorske Teateret, Øvre Ole Bulls plass, 5012 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











