Tom Roger Aadland – Konsert & bokbad

Sat, 15 Nov, 2025 at 08:00 pm UTC+01:00

Erling Bangssundsplass 1, 9008 Tromsø, Norway | Tromsø

Troms\u00f8 Kulturhus
Publisher/HostTromsø Kulturhus
 Tom Roger Aadland \u2013 Konsert & bokbad
Advertisement
Tom Roger Aadland – Songbokbad
Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024», som kjem ut på Fonna Forlag. Laurdag 15. november vitjar han Kulturhuset i Tromsø.
Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla, i tillegg til mange av tekstene han har skrive for andre artister.
«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.» «Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.
Aadlan sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten. På Kulturhuset i Tromsø er det Helge Matland, mangeårig kulturjournalist i Tromsø, som blir samtalepartnar med Aadland.

Arrangør: Fonna Forlag / Embacle Records
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Erling Bangssundsplass 1, 9008 Tromsø, Norway, Erling Bangsunds plass 1, 9008 Tromsø, Norge, Tromsø, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Tromsø

Arctic Prideuka: Paradefrokost (Troms\u00f8)
Sat, 15 Nov at 11:00 am Arctic Prideuka: Paradefrokost (Tromsø)

CRUX Huset oppfølgingssenter

Julemessa UNN \u00c5sg\u00e5rd 2025
Sat, 15 Nov at 11:00 am Julemessa UNN Åsgård 2025

Åsgårdvegen, Tromsø, Norge

Jueltrefest for Voksne
Sat, 15 Nov at 12:00 pm Jueltrefest for Voksne

Sjøgata 7, 9008 Tromsø, Norway

Beginner course in Argentine Tango
Sat, 15 Nov at 03:00 pm Beginner course in Argentine Tango

Habibi dansestudio, Søndre Tollbodgate 7, Tromsø

Spesialvisning | Tre fedre \/\/ Fatherhood (with English subtitles)
Sat, 15 Nov at 05:30 pm Spesialvisning | Tre fedre // Fatherhood (with English subtitles)

Verdensteatret - Cinemateket i Tromsø

Arctic Pride Night 2025!
Sat, 15 Nov at 09:00 pm Arctic Pride Night 2025!

Bryggeriet Scene

Kristi Brud \/ Bl\u00e5rock Caf\u00e9
Sat, 15 Nov at 10:00 pm Kristi Brud / Blårock Café

Blårock Cafe

F\u00f8rjuls-BINGO i Kattfjord \u2764\ufe0f D\u00f8rene \u00e5pner 11.30, spillet starter 12.00
Sun, 16 Nov at 11:30 am Førjuls-BINGO i Kattfjord ❤️ Dørene åpner 11.30, spillet starter 12.00

Sjøtunvegen 444, 9108 Tromsø, Norway

Gjesteforelesning med Lasse Marhaug: The Practice of Making Noise
Mon, 17 Nov at 03:15 pm Gjesteforelesning med Lasse Marhaug: The Practice of Making Noise

Musikkonservatoriet

Dr\u00f8m stort: Minoriteters mot til \u00e5 lykkes.
Mon, 17 Nov at 04:00 pm Drøm stort: Minoriteters mot til å lykkes.

Clarion Hotel The Edge (Kaigata 6, Tromsø)

FireFireBlod LIVE p\u00e5 Amtmandens
Tue, 18 Nov at 07:30 pm FireFireBlod LIVE på Amtmandens

Amtmandens

Tromsø is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Tromsø Events