Thov Wetterhus

Sat Jun 26 2021 at 06:00 pm

SALT art & music | Oslo

SALT art & music
Publisher/HostSALT art & music
Thov Wetterhus
Advertisement
26. juni fylles SALT med det beste og det råaste av norsk tradisjonsmusikk når folkemusikkfestivalen Blåmyra Folk Fest går av stabelen for første gang.
Blåmyra Folk Fest er eit samarbeid mellom SALT, Oslofolk – laget for folkemusikk, SAFFA, Riksscenen og Folkemusikkveka på Ål. Vi samlar eit knippe av dei beste utøvarane innan norsk folkemusikk og folkedans til folkefest på SALT.
18.00 - KONSERT OG PLATESLEPP MED THOV WETTERHUS
Endeleg er det klart for plateutgjeving med Thov Gudbrand Wetterhus frå Nore! Denne groovy numedølen har vunne landskappleiken på munnharpe ikkje mindre enn seks gonger, seinast i 2018, og det energiske eggande spelet hans har blitt ein favoritt blant både publikum, dansarar, kappleiksdommarar og musikarar langt utanfor folkemusikken. No feirar vi albumslipp!
No er det altså klart offisielt plateslepp for skiva "Stålslått", utgjeven på Motvind records, ei etterlengta debutskive frå munnharpeviritousen - heilt solo på SALT.
Etter konsertane byr vi på fest i Langhuset og Bazaar.
ØVRIG PROGRAM:
16:00 – 17:45
Danseworkshop – Hallingdans Gratis!
19.30 - KONSERT MED VALKYRIEN ALLSTARS OG SUPP: ÆVESTADEN - https://www.facebook.com/events/3957760547635014
Valkyrien Allstars er kjent som eit av landets beste liveband og har sidan debuten i 2007 vore pionerar innan arrangert folkemusikk. Dei har eit solid fotfeste i norsk tradisjonsmusikk samstundes som dei stilsikkert og elegant leikar seg med mange ulike sjangrar og uttrykk, noko som gjer musikken deira grenselaus, særeigen og appellerande til et stort publikum.
Med som oppvarming har de albumaktuelle Ævestaden. I april 2021 slapp dei debutsingelen ‘Stanna Inte’, og i mai 2021 kom debutplata deira ‘Ingen mere gråter’. Ævestaden skapar eit særeige klanglandskap med både feler, langeleikar, song, kraviklyre og munnharpe, samt elektronikk og effektpedalar. Trioen består av Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien.
Billetter og mer info finner du her: Lenke til arrangement
Etter konsertane byr vi på fest i Langhuset og Bazaar. Alle med konsertbillett har fri inngang på Tuvas Blodklubb:
22.00 - TUVAS BLODKLUBB (inkludert i konsertbillett)
Tuvas Blodklubb blir servert på Riksscenen ei gong i månedan, men denne kvelden vert heile konseptet flutt ut av storstua på Grünerløkka og inn på SALT. Vi snakkar truleg om Norges, Nordens, ja kanskje til og med verdens første reinspikka folkemusikknattklubb, og det er sjølvsagt Tuva Syvertsen, frå Valkyrien Allstars, som er vertinne for kvelden. Det blir hardcore fele- og hardingfelespel med Anne Hytta og Olav Luksengård Mjelva, folkemusikkaraoke og jam.
Felespelarane Anne Hytta og Olav L. Mjelva av Røros serverer hardbarka springar, pols og halling på denne fyrste skikkelige blodklubben etter pandemiens herjingar. Konserten vert etterfylgt av ein solid runde med Folkemusikkaraoke.
Bli med på en skikkeleg folkefest! For å komme inn på Tuvas Blodklubb må du ha konsertbillett til enten Thov Wetterhus, eller Valkyrien Allstars / Ævestaden.
Les mer om Blåmyra Folk Fest og få nyheter om programmet her: https://www.facebook.com/events/203592171578417
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

SALT art & music, Festningsallmenningen, Oslo, Norway

Tickets

Sharing is Caring: