Advertisement
Det nærmar seg jul, og overalt er det travle menneske som pakkar gåver, kokar graut og pussar sko. Men ... det skjer noko rart. Noko mystisk. Kven har ete av matpakka som låg på bordet? Kven skrur på lyset midt på natta? Og kven har gnagd på julepynten?Det knirkar og taslar i gangane, men ingen har heilt funne ut kva som eigentleg skjer. Eller ... nesten ingen. For bak alt det mystiske gøymer det seg to små og veldig nysgjerrige teaterottar: Pernille og fetteren hennar, Jeppe!
No inviterer Pernille deg til ei superduper hemmeleg og koseleg førjulsstund, der ho fortel den fine historia "Den vesle bygda som gløymde at det var jul" – skriven av sjølvaste Alf Prøysen. Med seg har ho Jeppe, som spelar musikk og lagar julestemning heilt ned i tærne.
Ei magisk blanding av musikk, fantasi og juleglede – perfekt for barn frå 4 år og oppover!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway, Evangervegen 6, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets