Advertisement
																								 
											
                  	
                    Onsdag 29. oktober kl. 17.00 gler vi oss til endeleg å få besøk av Askeladden friteater igjen. Vi har hatt dei på besøk tidlegare og veit at det alltid blir kjekt når dei kjem med framsyning.Framsyninga "Gubben og katten og hanespetaklet" er ei framsyning fylt med latter, spenning og fantasi for store og små. Gustavsen vil lage gryterett av hanen, men Pettersen tek den med seg heim. Den kan halde styr på hønene hans, tenker han. Katten Findus mislikar det nye kjennskapet, han er skeptisk, blir sjalu og irritert på all galinga. Denne hanen er spesielt glad i å gale, høgt og lenge og ofte. Gubben må prøve å løuse konflikta då også han synest at hanen byrjar å bli vel høglydt. Han inngår ein avtale med hanen om når og korleis han kan gale. Findus gjer sjølvsagt sitt ytterste for at hanen ikkje skal trivast, og det endar med at hanen dreg sin veg.
Møt Gubben Pettersen, Katten Findus og Hanespetaklet i ei morosam framsyning, levandegjort av dyktige skodespelarar etter ein av Sven Nordqvists kjente bøker om Gubben og Katten.
Framsyninga varer i ca. 40 min og passar godt for barn i alderen mellom 3 og 100 år.
                  			Advertisement
																								 
											
                  	
                    Event Venue & Nearby Stays
Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Norway, Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Norge, Stryn, Norway
 
								
									Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place. 
								
							





