Teater Vestland: Brørne Løvehjarte // Sogndal Kulturhus

Wed, 03 Dec, 2025 at 06:00 pm UTC+01:00

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde

Sogndal Kulturhus
Publisher/HostSogndal Kulturhus
Teater Vestland: Br\u00f8rne L\u00f8vehjarte  \/\/  Sogndal Kulturhus
Advertisement
- Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene - og om å finne motet i seg sjølv!
Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia handler om brørne Jonatan og Karl - eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala - til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.
Og det slepp han.
For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.
På scenen
Team
Brørne Løvehjarte
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang
Regissør Miriam Prestøy Lie
Skodespelarar: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen
Illustrasjon Illon Wickland
Produsert av Teater Vestland i samarbeid med Den Nationale Scene
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: 3. desember 2025 kl. 18:00.
Varigheit: 1 time og 50 minuttar (inkludert pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 320,-
Honnør: kr 275,-
Gruppe på 5 eller fleire: kr 260,- per stykk.
BOB: kr 260,-
Teaterven: kr 260,-
Under 30: kr 245,- (må vise legitimasjon)
Scenekort: kr 245,-
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Førde

Brettspillkveld
Tue, 02 Dec at 06:00 pm Brettspillkveld

Friskliv og Frivilligsenter - Sunnfjord kommune

Jul med Kvitre i F\u00f8rde kyrkje
Thu, 04 Dec at 07:30 pm Jul med Kvitre i Førde kyrkje

Førde kyrkje

Kristi Brud \/\/ Vesle Kinn
Thu, 04 Dec at 08:00 pm Kristi Brud // Vesle Kinn

Vesle Kinn

Julebordhelg p\u00e5 Skei
Fri, 05 Dec at 06:00 pm Julebordhelg på Skei

Grand Hotel Skei

Eva Weel Skram in F\u00f8rde
Fri, 05 Dec at 06:30 pm Eva Weel Skram in Førde

Førdehuset

Eva Weel Skram in F\u00f8rde
Fri, 05 Dec at 06:30 pm Eva Weel Skram in Førde

Førdehuset

Eva Weel Skram - Falle til ro \/\/ F\u00f8rdehuset
Fri, 05 Dec at 07:00 pm Eva Weel Skram - Falle til ro // Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

Førde is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Førde Events