Teater Vestland: Brørne Løvehjarte

Tue, 16 Dec, 2025 at 06:00 pm UTC+01:00

Operahuset Nordfjord | Sunndal

Operahuset Nordfjord
Publisher/HostOperahuset Nordfjord
Teater Vestland: Br\u00f8rne L\u00f8vehjarte
Advertisement
Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene - og om å finne motet i seg sjølv!
Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.
Historia handler om brørne Jonatan og Karl - eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala - til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise dit åleine.
Og det slepp han.
For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykta og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.
Av Astrid Lindgren
Omarbeidd av Toril Solvang
Regissør Miriam Prestøy Lie
Skodespelarar: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen
Illustrasjon Illon Wickland
Produsert av Teater Vestland i samarbeid med Den Nationale Scene
Framsyninga varer i om lag 1 time 50 minutt inkludert pause.
Rullestol? Kontakt oss på [email protected].
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på [email protected].
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Sunndal

Ope hus i Selje prestegard
Tue, 16 Dec at 12:00 pm Ope hus i Selje prestegard

Selje prestegard, Nabben 5, 6740 Selje, Norway

Juleforestilling - Sirkus Show - Concrete
Thu, 18 Dec at 02:00 pm Juleforestilling - Sirkus Show - Concrete

Skulevegen 32, Nordfjordeid, Norway

\ud83c\udf84Reisen til julemiddagen - JULEREVY\ud83c\udf84
Fri, 19 Dec at 06:00 pm 🎄Reisen til julemiddagen - JULEREVY🎄

Nordfjordvegen 9111, 6718 Måløy, Norge

Elise N\u00e6r\u00f8 Julekonsert p\u00e5 Fisk\u00e5 Brygge Gjestgiveri
Fri, 19 Dec at 08:00 pm Elise Nærø Julekonsert på Fiskå Brygge Gjestgiveri

Fiskå brygge gjestgiveri

MIDWINTER RETREAT Nordfjordeid
Sat, 20 Dec at 04:00 pm MIDWINTER RETREAT Nordfjordeid

Skrivergaarden

Juletreff 2025: Muligheter og nettverk p\u00e5 kysten!
Sat, 20 Dec at 06:00 pm Juletreff 2025: Muligheter og nettverk på kysten!

Samfunnshallen

Julekonsert i Kj\u00f8lsdalen kyrkje
Sun, 21 Dec at 03:00 pm Julekonsert i Kjølsdalen kyrkje

Kjølsdalen kyrkje

Sunndal is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Sunndal Events