Advertisement
Sunwook Kim, pianist og dirigentSynne Skouen: Kjære Mozart!
Wolfgang A. Mozart: Klaverkonsert nr. 23 i A-dur
Johannes Brahms: Symfoni nr. 2 i D-dur
Wolfgang, han var vel ein lystig fyr? Ein som komponerte mengder med musikk i rakettfart, musikk som strålar ut rein og ukomplisert glede? Det er ein del av historia, men dei som har lytta veit òg at musikken til Mozart borar djupt, sjølv i ei tilsynelatande enkel skalapassasje. Eller i dei smellvakre melodiane i A-durkonserten. Og når musikken hans ein sjeldan gong er i moll, som i den andre satsen, ja, da er det som om hjartet skal breste.
Sunwook Kim er den dirigerande pianisten som skal skubbe oss ut i kjensle-galeien, og det gjer han også i Symfoni nr. 2 av Brahms. Skriven på ein idyllisk sommarferie i Austerrike, vart han til mykje raskare enn den vanskelege førstesymfonien, og han er eit under av lyse melodiar og symfonisk poesi. Undervegs fornektar den alvorlege Brahms seg ikkje med mørkare klangar, og som han (humoristisk?) skreiv til forleggaren: Mørke skyer kviler over oss alle.
Den norske miniatyren som opnar konserten er ikkje så mørk. Det er ei hylling til sjølvaste Wolfgang, skrive av Synne Skouen på bestilling frå Kork i 1991, til den store 200-årsmarkeringa for Mozarts død.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Universitetets Aula, Karl Johans gate 47, 0162 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets